Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1525 (2015-2016)
Innlevert: 01.09.2016
Sendt: 02.09.2016
Svart på: 09.09.2016 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva er dagsorden for det uformelle ministermøtet for WTO-medlemmer den 21. og 22. oktober, kva for gjester er invitert, og kva er bakgrunnen for dagsorden og prioriteringa av gjester?

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Bevaring og styrking av WTO er fremste handelspolitiske interesse for Noreg. Etter fleire år der framdrifta i WTO-forhandlingane ikkje har vore som ønskt, gav ministerkonferansen i Nairobi i desember 2015 opning for nytenking. For å vinne fram er det ein føresetnad å halde det politiske engasjementet oppe.
Derfor har eg invitert ei rekke handelsministrar til Noreg. På dagsorden står framtida til WTO. Føremålet er å leggje grunnlag for vidare forhandlingar. Initiativet er ei naturleg forlenging av posisjonen Noreg har som ein sterk forkjempar for det multilaterale handelssystemet. Gruppa er breitt sett saman og inkluderer utviklingsland og industriland, ulike regionar samt representantar for dei store u-landsgrupperingane.