Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1536 (2015-2016)
Innlevert: 02.09.2016
Sendt: 02.09.2016
Svart på: 09.09.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Det er no nære at mange av dei som vart oppsagte i samband med fallet i oljeprisen no har gått på dagpengar i 2 år.
Kor mange ligg an til å nå maksimalgrensa med 2 år på dagpengar i perioda fram til nyttår og kva tanker har statsråden om å sikra pengar til livsopphald for desse?

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Den registrerte arbeidsløysa tok til å auke i 2014, spesielt frå årsskiftet 2014-2015. Det er snart to år sidan.
I 2015 var det 11 700 personar som gjekk ut dagpengeperioden utan å ha kome i jobb, eller knappe tusen per månad. Det inneber at om lag ein og ein halv prosent av dagpengemottakarane i ein månad går ut maksimal dagpengeperiode. Omfanget i 2015 var litt lågare enn i 2014. Fram til ut juli i år var det om lag 700 fleire som hadde nådd maksimalgrensa enn til same tid i fjor. Ei framskriving frå Arbeids- og velferdsdirektoratet seier at det vil bli om lag 900 fleire i 2016 enn i 2015 når året er omme. Framskrivinga tek for gitt at avgongen frå arbeidsløyse vil være den same i 2016 som den var i 2015. Dei nye tala fram til juli tyder på at vi kan få ei litt større auke – i storleiksordenen 1000-1200 personar fleire enn i 2015.
I statsbudsjettet for 2016 la regjeringa fram ein tiltakspakke på i alt 4 mrd. kr for å styrke sysselsetjinga i utsette regionar. For Arbeids- og sosialdepartementet gjaldt dette mellom anna ei auke i tiltaksnivået med 4 000 tiltaksplasser for ledige i 2016 samanlikna med saldert budsjett 2015. Ei løyving på 1000 fleire tiltaksplassar vart vedteke i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016. Det gjev rom for auka tiltaksinnsats og fremjar overgangen til jobb. Både 1. mai og 1. juli i år vart det gjort endringar i dagpengeregelverket slik at det har blitt lettare for arbeidslause å kombinere dagpengar med utdanning.
Eit fortsatt høgt tiltaksnivå i dei hardast ramma fylka vil framleis vere ein viktig del av politikken for å hjelpe ledige over i jobb.
Analyser både frå Arbeids- og velferdsdirektoratet og eksterne forskarar syner at mange langtidsledige er eldre og/eller har få kvalifikasjonar som er etterspurd på arbeidsmarknaden. Det er også mange innvandrarar i gruppa. Ein analyse som nyleg blei publisert frå Frisch-senteret og Oslo Economics, og analyser frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, har vist at garantiordninga for langtidsledige som vart etablert for 10 år sidan ikkje har vore til særleg nytte for å motverke langtidsledigheit.
Dei fleste høgt kvalifiserte som søkjer arbeid finn seg fort ein ny jobb, men det nye i fylka som er ramma av nedgongen i oljeaktiviteten det siste året er at ein del personar med relativt gode kvalifikasjonar er arbeidsløyse over lang tid. Det er grunn til å tru at dei fleste av desse vil kunne kome seg i jobb når veksten i økonomien tek seg opp i 2017, i tråd med dei fleste prognosane for utviklinga.
Departementet er i gong med eit arbeid saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet for å få eit meir korrekt bilete av bakgrunnen til dei som går ut dagpengeperioden. Med dette som grunnlag skal arbeidet føre til ei vurdering av korleis Arbeids- og velferdsetaten best kan følgje opp desse personane, slik at flest mogleg kan kome tilbake i jobb.