Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1541 (2015-2016)
Innlevert: 02.09.2016
Sendt: 05.09.2016
Svart på: 12.09.2016 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva prosess er det som ligg bak tildelinga av 30 mill. kr og kva vurderingar ligg bak avgjerda om å tildele Universitetet i Oslo forskingsmidlar utanom ordinære fordelingskanalar, over kva for post i statsbudsjettet vert dette finansiert, korleis vil han sikra at dette styrkjer klårspråkarbeidet både på bokmål og nynorsk og kva vil statsråden gjera for å sikra at alle jus-studentar i landet får eit tilsvarande tilbod som det ein her har finansiert for Oslo-studentane?

Grunngiving

I pressa har det gått fram at Kommunal og moderniseringsdepartementet har inngått ein avtale med Universitetet i Oslo om eit program for forsking og utdanning om «Klart språk i jussen». Det juridiske fakultet er tildelt 30 millionar kroner til dette prosjektet over ein tiårsperiode, som skal dekka eit professorat og to forskarstillingar, og det går fram at dette skal inngå i undervisinga ved fakultetet.
Dette kan vera eit godt og viktig tiltak som kan bidra til å gje samfunnet betre regelverk og gjera det enklare for borgarane å få kunnskap om rettsreglar og rettslege spørsmål. Måten dette ser ut til å ha skjedd på ser likevel ut til å vera sterkt i strid med måten fordeling av midlar til høgare utdanning og forsking normalt skjer på, og reiser alvorlege spørsmål om forfordeling og om mangel på transparens og fagleg vurdering.
På heimesida til departementet står det at «Klart språk blir en del av jusutdanningen» og viser bilete av Statsråden og rektor ved Universitetet i Oslo som skriv under avtalen. Nå er det slik at Universitetet i Oslo utdannar om lag halvparten av landets juristar, ved sida av utdanningane i Bergen og Tromsø. Ei satsing på språkutdanninga for juristar burde klart ha omfatta alle institusjonane, ikkje berre ein som utdannar halvparten av juristane, dersom målet var å gje alle framtidige jurister ei betre språkleg skulering.
Det ligg også eit språkpolitisk element i dette ved at ein har favorisert det fakultet som har minst andel av nynorskstudentar, og veldig få tilsette som publiserer på nynorsk. Problemet med uklart og oppstylta juristspråk er i stor grad eit problem som har bakgrunn i gamalt embetsmannsspråk på riksmål eller bokmål. Nynorsk er eit klarare språk med mindre bruk av passivformer, men også nynorskbrukande juristar har bruk for støtte til utvikling av eit godt språk innanfor ein profesjon og tradisjon der bokmålet har vore så dominerande. Utviklinga av det nynorske rettsspråket er i stor grad knytt til Det juridiske fakultet i Bergen som nettopp fekk målprisen for sitt arbeid med nynorsk i rettsspråket.
Forskingsmidlar og midlar til høgare utdanning blir i Noreg tildelt av Kunnskapsdepartementet delvis gjennom basismidlar som er fordelte etter nøye vurdering og gjennom belønningsmidlar som institusjonane konkurrerer hardt om gjennom studiepoengproduksjon og forskingsresultat målt etter ulike parameter. I tillegg blir offentlege forskingsmidlar kanaliserte gjennom Noregs Forskingsråd som tildeler midlar på grunnlag av faglege vurderingar der forskarar frå ulike institusjonar konkurrerer om midlar. Stortinget har nyleg hatt ein grundig diskusjon om offentleg forskingsfinansering på grunnlag av St. meld. nr. 18 (2014-2015) Konsentrasjon for forskning.
Slik det framstår har ein i dette tilfellet tildelt midlar frå Kommunal og moderniseringsdepartementet direkte til Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo, etter interne kontakter og drøftingar, heilt utanom det ordinære systemet, og utan ei vurdering av korleis ein på nasjonal basis ville kunne oppnå mest effekt av desse midlane. Det ser heller ikkje ut til at anbodssystemet for konkurranse om oppdragsforsking er fylgt. Ved at ein også finanserer utdanning skjer det også ei klar prioritering av fakultetet i Oslo både gjennom at dei får midlar utanfor det ordinære systemet og ved at studentane der får eit tilbod som dei andre jus-studentane i landet ikkje får.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Sidan prosjektet "Klart lovspråk" starta opp i 2011, har Difi som leiar prosjektet, hatt kontakt med dei ulike juridiske utdanningsmiljøa. Mellom anna da Difi arrangerte ein stor lovspråkkonferanse, vart dei tre fakulteta i Tromsø, Bergen og Oslo inviterte til å halde innlegg. Universitetet i Oslo takka ja til invitasjonen.
I åra etter starten har Oslo-miljøet engasjert seg på ulike vis i arbeidet. Dei har teke initiativ til arrangement om klart lovspråk, dei har oppretta samarbeid mellom det juridiske og det språkfaglege miljøet (Institutt for lingvistiske og nordiske studie - ILN) ved UiO, og dei har medverka i ei referansegruppe i prosjektet. Samarbeidet med Det juridiske fakultetet som no er på plass, må difor sjåast i samanheng med denne utviklinga som har gått over tid.
Målet med prosjektet er å integrere klart juridisk språk som ein del av undervisninga, forskinga og formidlinga ved Det juridiske fakultetet (JUS). Dette er med andre ord ikkje ei forskingstildeling i tradisjonell forstand. Men når ein skal byggje opp eit nytt fagfelt i eit akademisk miljø, er forsking ein naturleg og viktig del av eit heile; undervisning, forsking og formidling. Utviklingsarbeidet vil og byggje vidare på samarbeidet med ILN.
Ein slik modell, der eit departement støtter utviklinga av eit felt innafor ein tidsavgrensa periode, er nytta i ei lang rekke tilfelle. Mellom anna då Arbeidsdepartementet gav finansiell stønad til Det juridiske fakultetet for å utvikle det arbeidsrettslege området.
Den årlege ramma i dette prosjektet er avgrensa: 3 mill. kroner per år. Det vil av den grunn ikkje vere klokt å spreie midlane ut på fleire miljø. Satsinga vert finansiert over kapitel 500, post 21. I intensjonsavtalen som no er inngått, tek KMD vanleg atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.
Når det gjeld spørsmålet om prosjektet vil styrkje klarspråksarbeidet både på bokmål og nynorsk, er vi kjente med at Det juridiske fakultetet har høg kompetanse innafor nynorsk juridisk språk. I fakultetet sitt studiekvalitetsarbeid har båe språka ein naturleg plass – det vil dei også ha i klarspråksatsinga.
Fakultetet har orientert oss om at det er tett kontakt mellom dei juridiske fakulteta i Noreg. Dei har mellom anna institusjonalisert det gjennom halvårlege nasjonale fakultetsmøte. I desse møta informerer dei kvarandre om nyhende og diskuterer felles problem og tema som er av interesse for alle. I tillegg til dei tre juridiske fakulteta i Tromsø, Bergen og Oslo, er lærestader som tilbyr jusstudiar på lågare nivå òg med. Desse er Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger, Høgskulen i Lillehammer, Høgskulen i Buskerud og Vestfold, Høgskulen i Molde, Universitetet for miljø- og biovitenskap, Høgskulen i Sogn og Fjordane, og Universitetet i Nordland.
Gjennom denne møteplassen vil Det juridiske fakultetet i Oslo kunne informere dei andre lærestadene om klarspråksarbeidet. I tillegg er det grunn til å minne om at alle tilbod vil vere opne for alle studentar – uansett kor dei er registrerte. Fakultetet legg og ut podkastar av forelesingane. Det er òg aktuelt å arrangere seminar der alle forelesarar i landet vert spesielt inviterte.
Eg kjenner meg trygg på at arbeidet som Oslo-miljøet no skal i gang med, òg vil få verdi for andre studiestader og studentane der. Som IKT-minister vil eg òg vere trygg på at nye, digitale læremiddel vil kunne gjere spreiinga frå ein lærestad til ein annan endå enklare.