Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1556 (2015-2016)
Innlevert: 06.09.2016
Sendt: 06.09.2016
Svart på: 13.09.2016 av næringsminister Monica Mæland

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Regelrådet har i følgje deira eigen nettstaden avgitt uttale i 8 saker. I tre av desse er saka så dårleg utgreidd at regelrådet har gitt raudt kort.
Vil dette få konsekvensar for vidare handsaming av sakene eller er Regelrådet berre ein byråkratisk PR-gimmick frå regjeringa?

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Regelrådet er eit forvaltningsorgan underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Rådet er sett saman av representantar frå næringslivet og akademia og har ei fri og sjølvstendig rolle, og departementet har ingen instruksjonsrett i faglege spørsmål.
Ansvaret for handsaminga av dei tre sakene representanten Pollestad viser til, ligg hjå andre statsrådar. Eg går difor ikkje inn på desse konkrete tilfella, men svarer meir generelt på spørsmålet om korleis kritiske merknader frå Regelrådet kan handterast.
Føremålet med Regelrådet er at det skal medverke til at næringslivet ikkje vert tynga med uturvande byrder gjennom nytt eller endra regelverk. Regelrådet vart etablert som eit tiltak for å sikre betre etterleving av utgreiingsinstruksen. Rapportar frå Riksrevisjonen (2013) og Direktoratet for forvaltning og IKT (2012) har peikt på at det ofte er manglar ved avgjerdsgrunnlaget, spesielt har det vist seg at konsekvensane for næringslivet sjeldan er tilstrekkeleg kartlagt. Rapporten frå Difi studerte forslag frå åra 2001, 2002, 2008 og 2009, medan ein i rapporten til Riksrevisjonen såg på åra 2011–12. Så problemet er langt frå nytt. Difor har regjeringa tatt tak i problemet, først ved å revidere instruksen der noko av det viktigaste var å gjere krava til kva ei utgreiing skal innehalde, meir tydelege. Deretter såg vi på tiltak for å auke etterlevinga av instruksen. Regelrådet er det viktigaste tiltaket i så måte. Rådet skal kontrollere at framlegg om nye reglar som er relevante for næringslivet, er tilstrekkeleg greidde ut – i samsvar med instruksen. Rådet kjem med rådgjevande fråsegner til høyringsforslag.
Representanten Pollestad tek opp kva følgjer det får når Regelrådet meiner at eit forslag ikkje er tilstrekkeleg greidd ut. Eg vil her peike på at rådet kjem med sine merknader i høyringsrunden, altså før regjeringa og Stortinget endeleg handsamar saka. I oppfylginga av slike merknader kan ansvarleg departement eller etat kome med ei ny utgreiing, eventuelt tilleggsutgreiing, eller så kan ein gå inn på merknadene når ein legg fram det endelege forslaget, slik at avgjerdsgrunnlaget vert betre i siste runde.
Regelrådet er eit budsjettmessig lite tiltak som kan vise seg å ha god positiv effekt. Erfaringane frå andre land med tilsvarande organ er gjennomgåande gode. Regelrådet har nett starta opp, men det har etter mi meining allereie tydeleg markert seg i tråd med mandatet og intensjonane bak etableringa. Eg trur at resultatet etter ei tid vert ei klår betring i kvaliteten på utgreiingane.