Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1565 (2015-2016)
Innlevert: 08.09.2016
Sendt: 08.09.2016
Svart på: 15.09.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kan statsråden gjere greie for korleis merknaden frå Transport- og kommunikasjonskomiteen i Innst. 13 S (2015-2016) om utbetring av flaskehalsar på strekninga E39 Sandane-Byrkjelo har blitt fylgt opp?

Grunngiving

Strekninga E39 Sandane-Byrkjelo er ei viktig hovudfartsåre i Sogn og Fjordane og på Vestlandet, men har eit stort behov for utbetring av farlege og forseinkande flaskehalsar. Dette vart heldigvis partia på Stortinget samde om under handsaminga av årets statsbudsjett:

"Komiteen har merket seg behovet for utbedring av strekningen Sandane-Byrkjelo på E39. Komiteen ber regjeringen arbeide for at planarbeidet ferdigstilles slik at utbedring av flaskehalser kan igangsettes. Komiteen ber regjeringen vurdere å prioritere midler til planlegging av prosjektet."

Venstre var svært glade for å få på plass denne merknaden. Men så langt synest lite å ha skjedd. I skriftleg svar til representanten Karianne O. Tung (Dokument nr. 15:566 (2015-2016))sa statsråden i februar at:

"Jeg forventer tilbakemelding på dette i Statens vegvesens tertialrapport per 30. april 2016. Jeg har imidlertid allerede fått opplyst at det er satt av midler med sikte på å starte planleggingen for de største flaskehalsene på den aktuelle strekningen i løpet av 2016."

Spørsmålet er kor saka står no.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Statens vegvesen opplyser at det i 2016 er sett av vel 1 mill. kr til å gjennomføre eit forprosjekt for områda med dei to største flaskehalsane på strekninga, Gullkista og Jarbu. Arbeidet så langt har avklart at det må byggjast tunnelar både ved Gullkista og Jarbu, noko som er svært kostnadskrevjande. Det blir no vurdert om det er mogeleg å redusere kostnadene samstundes som vegstandarden blir tilfredsstillande. Prioritering av eventuelle tiltak på strekningane må avklarast gjennom arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2029.