Skriftleg spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1646 (2015-2016)
Innlevert: 23.09.2016
Sendt: 23.09.2016
Svart på: 30.09.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Kan statsråden gjere greie for framdrifta på vegprosjektet E6 Vindåsliene - Korporals bru?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Reguleringsplanen for den nordlege delen av prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua vart vedteken av Midtre Gauldal kommune i januar 2016, og lokale styresmakter slutta seg til eit forslag til bompengeopplegg for prosjektet i juni 2016.
Arbeidet med ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet er no i startfasen, og Samferdselsdepartementet tek sikte på å kunne leggje saka fram for Stortinget tidleg i 2017.