Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1668 (2015-2016)
Innlevert: 29.09.2016
Sendt: 30.09.2016
Svart på: 06.10.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Studentsamskipnaden ved Høgskulen i Sogn og fjordane har levert gode tenester, vore ein lokal samfunnsutviklar og fordra godt studentpolitisk arbeid. Ved omorganisering av studentsamskipnaden vil Høgskulen lite truleg få plass i styret, noko som gjev elevane dårlige påverknadsmogeligheiter og svekka studentvelferd, i tillegg til at fylket misser lokal strategisk handlekraft og utviklingskraft.
Vil ministeren treffe tiltak for å få ein modell som ivaretek dei ulike studiestadane sine behov og studentvelferda?

Grunngiving

Høgskulen i Sogn og Fjordane er vedteken fusjonert med Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund. Det er og vedteke å fusjonere studentsamskipnadane.
I kongeleg resolusjon står det at studentvelferda ikkje skal svekkast. I Sogn Og Fjordane har me hatt ein veldriven studentsamskipnad gjennom ein lang periode, som har levert gode tenester, vore ein lokal samfunnsutviklar, og fordra godt studentpolitisk arbeid. Gjennom ny organisering og ny styringsmodell vil studentar frå avdelingane i Sogn og Fjordane neppe kome inn i hovudstyret i det heile, og graden/rolla til lokalt styre er uklart. Dette gjev studentane dårligare påverkningsmuligheiter, og fylket misser lokal strategisk handle- og utviklingskraft når ein misser studentsamskipnaden som ein viktig samfunnsutviklar. Sentraliseringa av styringslinjer gjev mindre lokal styring, og totaliteten vert dermed svekka studentvelferd.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Ved samanslåinga av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane , Studentsamskipnaden i Bergen og Studentsamskipnaden Stord/Haugesund er det sett som ein klar føresetnad at studentvelferda ikkje skal svekkjast på nokre av studiestadene. Med dette som utgangspunkt er dei tre studentsamskipnadene no i gong med å førebu samanslåinga.
Det er styret for den nye studentsamskipnaden som har ansvaret for å fastsetje den interne organiseringa. Innanfor dei rammer som er lagde i lov og forskrift om studentsamskipnader, er det studentane som fastset samansetjinga av styret for studentsamskipnaden. Studentane vel styremedlemer gjennom studentorganet sitt.
Det er fleire studentsamskipnader i Noreg som betener meir enn ein utdanningsinstitusjon. Studentsamskipnaden i Bergen har lang tradisjon for nettopp dette og eg er trygg på at den nye Studentsamskipnaden på Vestlandet vil finne gode løysingar for alle studentane sine.