Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1670 (2015-2016)
Innlevert: 30.09.2016
Sendt: 30.09.2016
Svart på: 05.10.2016 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden garantere at ingen transfer- eller transittpassasjerar betalar den flypassasjeravgifta meir enn ei gong per reise?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Flypassasjeravgifta er som alle andre særavgifter ei deklareringsavgift, dvs. at dei avgiftspliktige (flyselskapa) sjølve og uoppmoda skal berekne og betale rett avgift .
Som nemnt i svaret på tilsvarande spørsmål nr. 1176 må dermed dei avgiftspliktige dokumentere at vilkåra for fritak er oppfylte dersom dei vil nytte fritaket, dvs. at dei må berekne og betale avgift dersom dei ikkje kan dokumentere dette. Flyselskapa vel sjølve korleis dei vil dokumentere fritaket. Eg kan ikkje garantere på vegne av flyselskapa.