Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:64 (2016-2017)
Innlevert: 14.10.2016
Sendt: 14.10.2016
Svart på: 24.10.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): TV2 har ei sak 12.10.16 om at ein kvart million nordmenn kan få raskare internett. Telenor seier dei tekniske løysingane er på plass, men regelverket hindrar dei frå å ta dette i bruk.
Kan statsråden finne ei løysing på dette?

Grunngiving

Telenor vert nekta sidan dei er pålagd ei varslingstid på 3 år. Dette er truleg for å gje andre aktørar ein sjanse til å bygga ut konkurrerande infrastruktur.
Det er grunn til å tru at situasjonen ikkje er den same i heile området der Telenor ynskjer å tilby raskare internett. Det er og grunn til å tru at konkurransen er endra dei seinare åra mellom anna ved utbygging av trådlause løysingar.
Det skal gode grunnar til for å hindre folk å få raskare internett. Rein formalisme og byråkrati bør ikkje vera ein god nok grunn.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Norge har i dag svært god breibandsdekning og tilbodet om breiband med høge hastigheiter er godt i europeisk samanheng. Veksten i dekninga vart stadig betre, med store investeringar frå kommersielle aktørar. Eg meiner at suksessen i utbygging av breiband skuldast at vi har hatt ein marknadsbasert breibandspolitikk, med avgrensa bruk av statlege midlar, og der tilrettelegging for konkurranse har vore og er heilt sentralt.
Marknadsaktørane investerte i 2015 over fire milliardar kroner i fastnett i Norge. Telenor sine konkurrentar står for over halvparten av desse investeringane. Konkurransen er både basert på utbygging av alternative aksessnett, for eksempel fibernett, og utbygging basert på tilgang til Telenor sitt koparnett. Det er fleire tilbydarar som har investert i eige utstyr i Telenor sine sentralar og konkurrerer om å levere breiband (xDSL) til sluttkundar basert på Telenor sitt koparnett. Modernisering av koparnettet gjennom utbygging av såkalla mikronodar, kombinert med ny teknologi, vil kunne gi høgare breibandshastigheiter mange stader. Samtidig medfører slik modernisering at det berre er éin aktør som kan bruke koparnettet under ein sentral der teknologien vert nytta fullt ut og at xDSL-tilbodet og investeringar til eventuelle øvrige tilbydarar som har utstyr under den aktuelle sentralen går tapt.
Dette skapar dilemma og konfliktar som må handterast på ein god måte. Etter initiativ frå departementet oppretta difor Nasjonal kommunikasjonsmyndighet i januar i år, Bredbåndsforum med sikte på å la marknadsaktørane løyse saker som elles må løysast med vedtak og klagebehandling. Målet er å finne gode løysingar for forbrukarane, altså at dei får eit betre breibandstilbod til ein god pris gjennom velfungerande konkurranse i marknaden. Modernisering av koparnettet har vore eit viktig tema i forumet, og tilbydarane har diskutert løysingar for korleis moderniseringa kan organiserast, planleggast og gjennomførast på ein måte som både Telenor og dei andre tilbydarane kan vere einige om. Dessverre har deltakarane i forumet foreløpig ikkje lukkast å komme til einigheit.
Varslingstida på tre år som er pålagt Telenor for visse tilfelle av endringar i koparaksessnettet, er grunngjeven i å skape meir føreseielege vilkår for dei tilbydarane som har investert i utstyr som er plassert i Telenor sine sentralar. Føreseielege vilkår er viktig for å legge grunnlag for investeringar frå fleire aktørar og dermed oppnå konkurranse i marknaden. Utan slike varslingsfristar ville vi truleg hatt dårlegare konkurranse i breibandmarknaden i dag og eit dårlegare breibandstilbod mange stader. Eg vil for øvrig peike på at varslingstida som er pålagd Telenor avheng av talet på sluttkundar som blir berørt. For mindre omfattande endringar gjeld ein varslingsfrist på seks månadar. I dei tilfella der andre tilbydarar ikkje vert berørt, er det ingen varslingsfrist.
Varslingsfristen kan fråvikast dersom Telenor og dei aktuelle tilbydarane kjem til einigheit om ei ordning som alle partane kan akseptere. Dette betyr at varslingsfristen i prinsippet ikkje er til hinder for vidare modernisering av koparnettet, men at dette krev at tilbydarane i fellesskap kjem fram til ei løysing. Etter det eg har fått opplyst har dette skjedd i alle fall i eitt tilfelle der Telenor i eit konkret moderniseringsprosjekt har blitt einig med aktuell grossistkunde om ei løysing, og det er blitt etablert eit tilbod til sluttkundar basert på eit modernisert koparnett.
Som nemnt er dei aktuelle fristbestemmelsane for varsling innførte for å leggje til rette for konkurranse i breibandsmarknaden og bidra til føreseielege vilkår for dei konkurrerande tilbydarane sine investeringar. Samtidig er vi kjent med at varslingsfristane kan vere til hinder for ei ønska utvikling, nemleg at det koparbaserte aksessnettet vert modernisert gjennom utbygging av såkalla mikronodar slik at fleire kan få breiband med høgare hastigheiter. Eg forstår at det vert reagert på dette og det har vore tema for diskusjon ved fleire anledningar.
Eg er opptatt av at vi skal få løyst slike saker, og vil be Nkom om å skissere ein forpliktande tidsplan for det vidare arbeidet i det neste møtet i Bredbåndsforum og gi tilbydarane ein frist for å bli einige om ei løysing. Dersom deltakarane i forumet ikkje lukkast i å komme til einigheit gjennom ei frivillig ordning innan fristen, vil ekommyndigheiten vurdere regulatoriske verkemiddel. Det må i så fall sjåast nærmare på om dei tilgangsformer som vert tilbydde i marknaden i dag, er tilstrekkelege for å oppnå eit best mogleg breibandstilbod til landet sine innbyggjarar og verksemder gjennom konkurranse. Myndigheitene har fleire regulatoriske verkemiddel til rådigheit enn dei som hittil er tekne i bruk og som kan vere aktuelle å nytte dersom vi ser at marknaden ikkje fungerer tilfredsstillande. Eg trur bransjen sjølv er tent med saman å finne ei løysing på dei tekniske og kommersielle spørsmåla og håpar at Telenor og dei andre involverte tilbydarane raskt vert einige om ei løysing som sikrar innbyggjarar og verksemder eit endå betre breibandstilbod.