Liv Signe Navarsete (Sp): Når vil samferdselsministeren gje den naudsynte bestillinga til Statens vegvesen slik at planlegginga av E39 gjennom Gullkista i Breimsfjellet i Gloppen kommune kan setjast i gong?
Grunngiving
I februar i år svara samferdselsministeren på eit skriftleg spørsmål kring planlegging av E39 gjennom Gullkista i Breimsfjellet. Svaret var positivt for prosjektet, og Gloppen kommune har i månadsvis venta på at planlegginga skulle startast opp. Så langt har ikkje noko skjedd i saka.
Statens Vegvesen opplyste på eit møte tidlegare i oktober at årsaka til at ein ikkje kan starta planleggingsarbeidet er at det manglar konkret bestilling frå Samferdselsdepartementet. Ei slik bestilling kunne kome i budsjettproposisjonen for 2017, men det vart eit vonbrot. Etter kvart har mange representantar frå regjeringspartia lova mykje, og forventningane til at lovnadene vert følgde opp er store.