Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:291 (2016-2017)
Innlevert: 24.11.2016
Sendt: 24.11.2016
Svart på: 02.12.2016 av klima- og miljøminister Vidar Helgesen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Korleis har utvikling i NOx-utslepp vore hos dei bedriftene som er del av NOx-avtalen, samanlikna med dei som ikkje er det?

Grunngiving

I 2008 signerte Miljøverndepartementet og 14 næringslivsorganisasjonar NOx-avtalen. Der vart det bestemt at bedrifter som sluttar seg til avtalen slepp å betale NOx-avgift. I staden må dei betale inn pengar til NOx-fondet, og kan hente ut støtte til miljøtiltak. Denne avtalen har seinare blitt forlenga. Spørsmålet er korleis utviklinga i NOx-utslepp har vore hos den delen av næringslivet som har inngått avtale, samanlikna med dei som ikkje har det. Dei totale NOx-utsleppa i Noreg har gått ned sidan 2008, men for å kunne vurdere om NOx-avtalen eventuelt har vore ein suksess vil det vere interessant å vite kva sektorar og bedrifter som har bidrege mest til utsleppsreduksjonane.