Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:321 (2016-2017)
Innlevert: 30.11.2016
Sendt: 30.11.2016
Svart på: 06.12.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): 1. juli 2016 blei Navs dagpengeregelverk endra får å gje sjølvstendig næringsdrivande mogelegheita til å behalde retten til opptente dagpengar frå 9 til 12 månader etter etablering av eige føretak.
Kan statsråden utgreie for effekten utvidinga har hatt på gründerverksemd i Noreg sia 1. juli d.å.?

Grunngiving

Hovudårsaka til at ikkje fleire etablerer eigen bedrift i Noreg er frykta for ei usikker kvardag. Særs i etableringsfasen er denne frykta utprega, ikkje minst blant kvinner. Kvinner utgjer i dag berre 28 pst. av norske gründerar. Formålet med å utvide retten til opptente dagpengar frå 9 til 12 månader var blant anna for å gjere det tryggare å starte som sjølvstendig næringsdrivande. Tilbakemeldingane frå gründermiljøet i Noreg er at dette enno ikkje er nok tid til å kunne utvikle eit eige produkt. Difor er det viktig å utgreie om utvidinga frå 9 til 12 månader har hatt ei positiv effekt på gründervilja i landet. Det vil i så fall gje Stortinget ei peikepinn på nytta av å utvide retten til dagpengar vidare i framtida.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Med verknad frå 1. juli i år, blei den perioden som dagpengemottakarar kan få dagpengar under etablering av eigen næringsverksemd, utvida frå ni til tolv månader. Bakgrunnen for endringa er eit ønskje om å leggje betre til rette for at dei som ønskjer å prøve seg som gründarar, får ein mogelegheit til det. Endringa kan gi etablerarar motivasjon i startfasen og skape grunnlag for nye, gode idear. Fleire av dei som har mista arbeid i oljerelaterte verksemder, har gode føresetnader for å etablere eigne verksemder.
I oktober fekk totalt om lag 340 personar dagpengar under etablering. I perioden juli til og med oktober 2016 auka talet med nær 100 prosent samanlikna med same periode året før. Auken var på 35 prosent i første halvår 2016 samanlikna med første halvår i fjor.
Utvidinga i perioden ein kan få dagpengar under etablering, gjeld også for dei som brukte ordninga før 1. juli. Auken i talet på personar som fekk dagpenger under etablering i juli til og med oktober kan ha samanheng med auka varighet for dei som allereie fekk ytinga. Auka kan og ha samanheng med at fleire med dagpengar har etablert si eige verksemd.
Å seie noko om effekten regelendringa har hatt på gründarverksemder og etableringar av nye verksemder, krev eit større utgreiingsarbeid. Berre fire månader etter at endringa trådde i kraft er det for tidleg å greie ut spørsmålet. Vi treng meir erfaring og data for å kunne få gode svar.