Skriftleg spørsmål fra Rigmor Andersen Eide (KrF) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:434 (2016-2017)
Innlevert: 19.12.2016
Sendt: 20.12.2016
Svart på: 02.01.2017 av klima- og miljøminister Vidar Helgesen

Rigmor Andersen Eide (KrF)

Spørsmål

Rigmor Andersen Eide (KrF): MV "Krasnoselsk" ein russisk trålar på 55 meter, sokk ved kai i Hundeidvik, Sykkylven, 25. september 2011 som følgje av orkanen Dagmar. Det russiske rederiet hevdar force majeure og fråskriv seg eitkvart ansvar. Skipet hindrar bruken av kaia og er til fare for andre skip slik det ligg. Skipet er tømt for olje. Med heimel i forureiningsforskifta, tillèt ikkje Miljødirektoratet flytting av skipet, som ville løyst utfordringa.
Kva kan statsråden gjere i dette og liknande tilfelle slik at ikkje lokal verksemd vert skadelidande?

Grunngiving

Etter at skipet sokk ved kai, som beskrive ovanfor, oppsto oljelekkasje. Denne vart stort sett tetta av dykkarar 27.-29. desember 2011.
Kystverket har vore sakshandsamar på saka opp mot det russiske rederiet. Rederiet hevda force majeure og sa frå seg eitkvart ansvar i saka. Kystverket avslutta saka etter at omlag 95 prosent av oljen frå trålaren vart pumpa opp i 2014. Kystverket har ikkje følgd opp saka vidare i høve forsikringsselskapet til rederiet.
Det er, så langt vi kjenner til, liten fare for forureining der trålaren ligg i dag. Samstundes hindrar den næringsverksemda som før forliset nytta kaia til å reparere og bygge om skip innan fiskeindustrien. Før forliset i 2011 hadde selskapet som drifta kaia 10 fast tilsette. Det vart i tillegg leigd inn over 30 personar som vart sysselsett, som til dømes elektrikarar, rørleggarar, montørar og så bortetter. Verksemda var svært viktig for den lokale grenda Hundeidvik med tanke på arbeidsplassar innan den maritime næringa. I dag har selskapet tre tilsette og store driftsutfordringar på grunn av trålaren som sperrar adkomst til kaia.
Det vert også rapportert av skipsvraket MV "Krasnoselsk" utgjer fare for skipsfarten der den ligg i dag. Kystvaktskipet "Njård" kunne lett ha gått på grunn sommaren 2016. Kystvakta hadde gått til kaia i Hundeidvik med drivtømmer. Då dei såg aktivitet ved kaia, køyrde dei ut med lettbåten. Denne oppretta kommunikasjon med ein dykkar som tilfeldigvis var nede på skipsvraket den dagen. Slik oppdaga kystvakta fara i sjøen som elles kunne medført at Kystvakta gjekk på grunn på den russiske trålaren. Såleis kan ein konstatere at MV "Krasnoselsk" utgjer ein fare for skipstrafikken i kringliggande område av Storfjorden.
Kaieigar og Sykkylven kommune har forsøkt dialog med Miljødirektoratet og Kystverket om å flytte vraket. Sykkylven kommune har ikkje heimel etter forureiningsforskifta § 22-6 til å gje løyve til å flytte vraket. Denne heimelen ligg i Miljødirektoratet, får vi opplyst. Dei har signalisert eit tydeleg avslag på ein eventuell søknad om flytting av vraket. Direktoratet ser på dette som dumping. Det kan sjå ut som regelen er laga med dei beste hensikter, men framstår som noko tungvinn når den hindrar ei flytting av vraket og dette ikkje medfører forureningsfare anna enn forsøpling og det er jo det same der skipet ligg i dag. Heving av vraket vil koste ca. 12 millionar kroner. Flytting av vraket ca. 50 meter vil koste omlag 300 000 kroner. Kostnader på 12 millionar kroner vil knekkje verksemda økonomisk, medan utgiftene til flytting vil kaieigar kunne leva med og ta av drifta i selskapet. Ved å flytte vraket med 50 meter, vil MV "Krasnoselsk" ligge ca. 15 meter under vatn og ikkje utgjere noko fare for skipstrafikken. Samstundes kan selskapet på staden ta opp att si verksemd og skape fleire arbeidsplassar samfunnet vårt treng. Det synes ikkje rimeleg at næringsverksemder i Norge skal verte skadelidande i slike høve. Det er klart vi skal ha ei streng praktisering av lover og forskrifter på forureiningsområdet, og det må vere ein klar føresetnad at tiltak ikkje skal kunne tillatast dersom det gjev auka forureining av miljøet. Det kan imidlertid sjå ut som praktiseringa av forskrifta i dette høvet gjev urimelege verknader.

Vidar Helgesen (H)

Svar

Vidar Helgesen: I utgangspunktet er det forureinar som har ansvar for og plikt til å sørge for nødvendige tiltak for å hindre forureining og å etterkomme pålegg gitt i medhald av reglene i forureiningslova. Det er i strid med forbodet mot forsøpling i forureiningslova å etterlate skip på sjøbotnen. Det har i denne saka vore vanskeleg å få ansvarleg eigar til å rydde opp og fjerne vraket.
Eg har stor forståing for at kaieigar og Sykkylven kommune ønskjer at vraket blir fjerna, så ikkje lokal verksemd blir skadelidande. Samtidig er vraket å reknast som avfall og å flytte vraket på sjøbotn med føremål å bringe det av veien vil kunne reknast som dumping av avfall, som er forbode etter forureiningsforskrifta. Forbod mot dumping i forureiningsforskrifta er ei gjennomføring av internasjonale forpliktingar i konvensjonen om bevaring av det marine miljø i nordøst-Atlanteren (OSPAR-konvensjonen). Miljødirektoratet har ikkje høve til å gi løyve til et tiltak som er i strid med dette forbodet.
Dersom MV "Krasnoselsk" utgjer ein fare for skipstrafikken og havnestyresmakta derfor ser det som nødvendig å flytte vraket på grunn av sikkerheit og fremkomeligheit i farleden, vil tiltaket ikkje nødvendigvis rammes av forbodet mot dumping. Eg legg til grunn at Sykkylven kommune som havnestyresmakt tar kontakt med Miljødirektoratet dersom dette er ei aktuell problemstilling som må vurderast nærare.