Dokument nr. 15:688 (2016-2017) Innlevert: 16.02.2017 Sendt: 16.02.2017 Svart på: 23.02.2017 av næringsminister Monica Mæland
Geir Pollestad (Sp): Kva fleirtalsframlegg frå fartsområdeutvalet er det regjeringa ikkje har fulgt opp så langt og er det i så fall planar om å fylgja dei opp?
Monica Mæland: Eg legg til grunn at spørsmålet frå stortingsrepresentant Pollestad gjeld innstillinga frå fartsområdeutvalet av 1. september 2014.I lov og forskriftsendringar har regjeringa følgd opp fleirtalsframlegg frå fartsområdeutvalet om å gi NIS-registrerte skip tilgang til norsk fraktefart på kysten, norsk kontinentalsokkel for konstruksjonsskip og for utanriksfart med passasjerskip i rute mellom Noreg og utlandet og i Norden.Regjeringa har også i budsjettframlegg til Stortinget følgd opp fleirtalsframlegg frå fartsområdeutvalet om forbetringar i tilskottsordninga for sjøfolk på NOR- og NIS-skip.Dette er dei vesentlege delane av framlegga frå fartsområdeutvalet slik desse er rekna opp i rapporten frå utvalet i kapitel 11 "Oppsummering av utvalgets tilrådning".Framlegg frå fartsområdeutvalet om kontroll med gjeldande krav om løns- og arbeidsvilkår vert følgde opp av dei ulike styresmaktene på sine område. Dette gjeld opphaldsløyve for utanlandske sjøfolk på utanlandske skip, skip registrerte i NIS som fører last mellom norske hamner og offentlege kjøp av transporttenester langs kysten. I samband med gjennomføringa av havstrategien som regjeringa la fram 21. februar 2017 vil Nærings- og fiskeridepartementet vurdere fleirtalsframlegget om krav til norske løns- og arbeidsvilkår for transport knytt til arbeid innan akvakultur. Det aktuelle tiltakspunktet er "gjennomføre en komparativ analyse av de juridiske rammebetingelsene for havnæringene i Norge". Vidare har regjeringa gjennomført ulike tiltak for å føre over godstransport frå veg til sjø slik utvalet gjorde framlegg om.