Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:779 (2016-2017)
Innlevert: 03.03.2017
Sendt: 06.03.2017
Svart på: 09.03.2017 av finansminister Siv Jensen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er statsråden bekymra for at Skatteetatens innføring av strengare krav til dokumentasjon rundt leigeforhold, som varar minst seks månader, vil heve terskelen for å trekke høgkvalifisert arbeidskraft til Noreg?

Grunngiving

Etter ein internkontroll hjå Skatteetaten vart krava til dokumentasjon ved innflytting til Noreg skjerpa. Frå og med 1. september 2016 vart det stilt krav til at tilflyttande må kunne dokumentera eit leigeforhold på minst seks månader for å melde flytting til Folkeregisteret. Det nye og strenge kravet gjer at tilflyttande nå må forplikta seg til ein leigekontrakt på minst seks månader. Resultatet er at det ofte tek lenger tid før dei melder flytting til Noreg, og i staden i auka grad tar bruk av ordninga med D-nummer.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Personar som kjem frå utlandet blir rekna som busett i Noreg når dei har lovleg opphald her og har til hensikt å bli her lenger enn berre ei kort tid. Opphald som varer minst seks månader blir rekna som busetjing.
Einkvar som flytter til Noreg for å busetje seg, har plikt til å møte personleg på skattekontoret for å melde innflytting seinast åtte dagar etter innkomst.
For å bli registrert som busett i Noreg må ein kunne dokumentere at ein skal vere i landet i minst seks månader. For å dokumentere dette nyttar ein objektive kriterier om tilknyting i form av bustad og arbeid. Dette har vore fast forvaltingspraksis sidan 2002.
For å sikre lik handsaming og korrekt rettsleg handsaming presiserte Skattedirektoratet i sine interne rutinar frå og med 1. september 2016 at tilknyting i form av bustad må vere dokumentert. Presiseringa inneber ikkje nokon innskjerping rettsleg sett. Tilknyting i form av bustad kan vere dokumentert anten gjennom kontrakt på kjøp av bustad eller leigekontrakt som gjeld for minst seks månader.
For yngre personar som flytter til foreldre, eller ektefellar som flytter saman, vil kravet til slik dokumentasjon normalt ikkje bli handheva fordi tilknytinga i form av bustad blir rekna som dokumentert via familierelasjonen.
Når det gjeld utlendingar som skal bu og arbeide i Noreg i minst seks månader i samanheng, opplever Skatteetaten ikkje at det er noko problem å dokumentere tilknyting i form av bustad.
Eg har difor ikkje grunn til å bekymre meg for at dokumentasjonskrava for å bli registrert som busett i Noreg, hever terskelen for å trekkje høgt kvalifisert arbeidskraft til landet.