Skriftleg spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:809 (2016-2017)
Innlevert: 10.03.2017
Sendt: 10.03.2017
Svart på: 17.03.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): I Stortinget sin sprøjetime 22. mars utfordra Liv Signe Navarsete statsråd Solvik-Olsen på kva kostnadar som knyter seg til forsikringsavtalar som er inngått som følgje av jernbanereforma. Statsråden kunne ikkje svare, og ville komme tilbake til Stortinget med svar på spørsmåla, noko statsråden hittil ikkje har gjort.
Spørsmålet vert difor, kva årlege kostnadar har dei forsikringsavtalane som er inngått?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I Stortinget sin spørjetime 22. februar stilte representanten Liv Signe Navarsete meg spørsmål om:

"statsråden kan opplyse Stortinget om kor store dei årlege kostnadene knytt til forsikringar i jernbanesektoren vert, med bakgrunn i jernbanereforma og oppretting av nye selskap som ikkje lenger kan forsikre seg sjølve, og at dei difor må kjøpe forsikring av selskap som tilbyr dette."

Eg har ferdigstilt skriftleg svar til representanten Liv Signe Navarsete, som eg vedlegger her som svar på representanten Nordås spørsmål.

Lenke til vedlegget pdf-format