Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:967 (2016-2017)
Innlevert: 07.04.2017
Sendt: 07.04.2017
Svart på: 21.04.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): No har regjeringa lagt fram proposisjonen for Rogfast. Tidlegare har samferdselsministeren stoppa Statens vegvesen sitt ynskje om å sende ut anbod i saka med atterhald om politisk godkjenning.
Vil statsråden no gje Statens vegvesen høve til å sende ut dei fyrste anboda for Rogfast for å ta att noko av forseinkinga og sikra at prosjektet vert starta opp i år?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Som det går fram av Prop. 105 S (2016-2017), side 2, har to grunneigarar klaga på Statens vegvesen sitt ekspropriasjonsvedtak knytt til massedeponiet i Mekjarvik. I tillegg har Statens vegvesen klaga på nokre av vilkåra i løyvet frå fylkesmannen i Rogaland til utfylling av massar i sjøen i Mekjarvik, jf. også informasjon om dette i mitt svar av 30. mars 2017 på spørsmål nr. 858 frå representanten Pollestad.
Ifølgje Statens vegvesen er entreprisen for sidetaket i Mekjarvik den første som etter planen skal lysast ut. Dette vil skje så snart det ligg føre avklaring i dei omtalte klagesakene.