Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1004 (2016-2017)
Innlevert: 24.04.2017
Sendt: 24.04.2017
Svart på: 05.05.2017 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden ta initiativ til å tillate at kommunar som sjølve vil ta rekninga, kan få utføre forsøk parallelt med pågåande forsøksordningar om til dømes programmering som valfag, sjølv om dei ikkje er del av den ordinære forsøksordninga?

Grunngiving

Underteikna er kjend med at Eid kommune har søkt Utdanningsdirektoratet om å på eige initiativ – og eiga rekning – starte med programmering som valfag i ungdomsskulen. Utdanningsdirektoratet har avvist dette. Dei viser til at det ikkje er høve til å tilby programmering valfag om ein ikkje er med i den pågåande forsøksordninga, og at denne forsøksordninga no er lukka for nye deltakarar.
Underteikna er også kjend med at Eid kommune sannsynlegvis kunne ha søkt Kunnskapsdepartementet om tilsvarande, med heimel i Lov om forsøk i offentlig forvaltning. Dette vil imidlertid vere ein meir omstendeleg og byråkratisk prosess all den tid det allereie er eit pågåande forsøk om det same, og både skuleeigar og forsøksmyndigheit ville ha nytte av at desse prosjekta vert sett i samanheng.
Det er svært forståeleg at utlyste forsøk må ha eit avgrensa tal deltakarar av både økonomiske og praktiske grunnar. Det er for underteikna meir uforståeleg at det ikkje er mogeleg å gjere tilpassingar til nytte for alle partar, når ein kommune ønskjer å nytte sin lokale fridom til kople seg på for eiga rekning.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Forsøket med programmering valfag starta opp dette skoleåret, 2016/2017. Forsøket varer i tre år fram til 2018/2019. 155 skoler fordelt på 55 kommunar deltar i forsøket. Enkelte av desse kommunane får også økonomisk støtte. På grunn av stor pågang og for å få eit noko større forsøk fekk også ein del kommunar som ikkje får økonomisk støtte delta i forsøket. For å kunne delta må deltakarane delta på samlingar i regi av Senter for IKT i utdanninga og Utdanningsdirektoratet.
Kunnskapsdepartementet er kjend med at Eid kommune søkte om å få vere med i forsøket, men at dei berre ønska å vere med dersom dei var blant kommunane som fekk midlar. Eid kommune var ikkje blant kommunane som fekk tildelt midlar, og vart dermed ikkje med i forsøket. Til no har det vore slik at dette valfaget berre kan gjennomførast på dei skolane i dei kommunane som har fått innvilga deltaking i forsøket. Utdanningsdirektoratet har fått mange førespurnader i etterkant frå kommunar om å bli med i forsøket etter at det starta opp. Med bakgrunn i mellom anna dette vil det bli moglegheit for skolar som vil ta i bruk læreplanen i valfag programmering om at dei kan gjere dette for eigen kostnad frå skolestart hausten 2017. Utdanningsdirektoratet vil komme med meir informasjon om dette i god tid før sommaren.