Skriftleg spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1034 (2016-2017)
Innlevert: 28.04.2017
Sendt: 02.05.2017
Svart på: 08.05.2017 av finansminister Siv Jensen

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Eg viser til statsråden i sitt brev av 06.03.2017 med tittel "Skattekontoret på Gol" til buskerudbenken på Stortinget skriv: "Skattekontoret på Gol vil, i tråd med Finansdepartementets fullmakt, bli nedlagt innan utgangen [av] 2019 og tilsette på dette kontoret vil bli overført til skattekontoret på Leira i Valdres." Eg er seinare blitt gjort kjent med at skattekontoret på Gol stenger dørene for publikum 1. juni d.å.
Kvifor utelét statsråden denne viktige informasjonen om skattekontoret på Gol i sitt svar til Stortinget?

Grunngiving

Brevet frå statsråden til buskerudbenken på Stortinget var eit svar på brev av 21. februar 2017 frå stortingsrepresentantene Martin Kolberg, Lise Christoffersen, Torgeir Micaelsen og Per Olaf Lundteigen om skattekontoret på Gol.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Det går fram av Prop. 1 S (2016–2017) for Finansdepartementet at Skatteetatens nye kontorstruktur vert innført gradvis frå 2017 til 2019. Det stemmer at publikumstenestene ved skattekontoret på Gol vert stengd 1. juni 2017. Gol-kontoret vil framleis arbeide med andre oppgåver fram til kontoret vert stengd innan utgången av 2019. Dei ansatte på Gol-kontoret vert då flytta til skattekontoret på Leira.
Representantane tek i sitt brev av 21. februar 2017 ikkje opp sjølve prosessen for nedlegginga av Gol-kontoret, og dette er årsaka til at eg i svaret ikkje gjekk i detalj om framdriftsplanen for nedlegginga. Eg er likevel einig i at dette er opplysningar som godt kunne ha vore tekne med i mitt brev til Buskerud-benken av 6. mars 2017.
Eg vil peike på at tidspunktet for stenging av publikumstenestene ved kontor som vert nedlagde, er gjort offentleg kjend i andre samanhenger, mellom anna i Skattedirektoratets rapport om ny kontorstruktur av 1. juni 2016. At publikumstenestene ved Gol-kontoret stenger 1. juni 2017 går òg tydeleg fram av Skattedirektoratets brev av 1. februar 2017 til Regionrådet for Buskerud – eit brev eg visar til i mitt svar av 6. mars 2017. Datoen for stenging av publikumstenestene har òg vore godt kjend lokalt, jf. til dømes omtale i Hallingdølen 19. januar og 11. mars 2017.