Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1105 (2016-2017)
Innlevert: 11.05.2017
Sendt: 12.05.2017
Svart på: 24.05.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har forsvarssjefen fått fullmakt til å leggje ned ei verksemd som vart oppretta ved ei politisk avgjerd?

Grunngiving

Forsvarets forum vart oppretta i 1980 etter eit politisk vedtak, mellom anna med mål om å sikre openheit og fri debatt om forsvarspolitiske spørsmål. Klassekampen skriv 28. april at etter ein intern kostnadsutgreiing ønskjer forsvarsstaben no å leggje ned Forsvarets forum. Med 125 000 lesarar på papir og ti tusenvis av faste lesarar på nett er bladet den største uavhengige publikasjonen om militære spørsmål.
Klassekampen skriv vidare at Befalets Fellesorganisasjon onsdag 26. april vedtok ei uttale der dei omtaler forslaget som «innsparingsgalskap» og «useriøst», og organisasjonen stiller spørsmål ved om nedlegginga er eit forsøk frå forsvarsleiinga på å «kneble den frie journalistikken».
Klassekampen viser og til at tillitsvalde for dei vernepliktige i Luftforsvaret, Sjøforsvaret og Hæren på landsstyremøte torsdag 27. april vedtok at dei på det sterkaste motsett seg ei nedlegging av Forsvarets forum. Ifølgje Klassekampen fortel kjelder i Forsvaret at forsvarssjefen meiner ei eventuell nedlegging er innanfor mandatet hans.
Statsråden har tidlegare lova at ho vil sikre openheit i Forsvaret. Mellom anna i ei tale i Oslo Militære Samfund sa ho at «Jeg har sagt tidligere at åpenhet er viktig for meg. Og da mener jeg ikke åpenhet som et honnørord, men reell åpenhet.».

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortingets president av 12. mai 2017 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om forsvarssjefen har fått fullmakt til å leggje ned ei verksemd oppretta ved eit politisk vedtak.
Forsvarets forum vart oppretta av Forsvarsdepartementet (FD) i 1980, mellom anna med mål om å sikre ein open og fri debatt om forsvarspolitiske spørsmål. I 2004 avgjorde FD å gjennomføre fleire endringar for Forsvarets forum. Det vart mellom anna gjennomførd ei omorganisering, og magasinet vart overført frå FD til Forsvaret.
På oppdrag frå Forsvarsstaben (FST) har ei breitt samansett gruppe i Forsvaret, under leiing av Forsvarets mediesenter, utgreidd kommunikasjonsverksemda i Forsvaret heilskapleg med sikte på ein meir robust, effektiv og koordinert kommunikasjonsorganisasjon.
FST har sendt eit brev til Forsvarsdepartementet om arbeidsgruppa sine anbefalingar og den planlagde oppfølginga frå Forsvaret si side, kor eit av fleire forslag er å leggje ned Forsvarets forum. Forsvarsdepartementet vil handsame saka på vanleg måte og vurdere ulike sider av denne, og tek sikte på ei avklaring før sommaren.