Skriftleg spørsmål fra Gunhild Berge Stang (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1158 (2016-2017)
Innlevert: 24.05.2017
Sendt: 24.05.2017
Svart på: 31.05.2017 av næringsminister Monica Mæland

Gunhild Berge Stang (V)

Spørsmål

Gunhild Berge Stang (V): Meiner statsråden det er riktig av Sjøfartsdirektoratet å klassifisere skipet Saga Oseberg som eit passasjerskip med krav om motor og redningsbåtar om bord på denne kopien av eit vikingsskip?

Grunngiving

«Saga Oseberg» er ein kopi av vikingskipsfunnet i Oseberghaugen utanfor Tønsberg. Skipet spelar ei viktig rolle som formidlar av norsk vikinghistorie. Skipet nyttast blant anna til roturar på indre farvatn rundt Tønsberg, og kan tingast av bedrifter og foreiningar. Kirkens Bymisjon, Barnekreftforeininga og andre har høve til å nytte skipet for gratisturar.
Turane vert leia av personell frå stiftinga med fleire års maritim erfaring, med motorisert følgjebåt med toveis radiokommunikasjon. I år har Sjøfartsdirektoratet avgjort at skipet bør klassifiserast som eit passasjerskip, med dei pliktene som følgjer med denne klassifiseringa. Oseberg Båtlag pliktar difor å installere motor og livbåtar på vikingskipet.
Den nye klassifiseringa endrar konseptet for skipet og gjer det umogeleg for «Saga Oseberg» å tilby ei autentisk oppleving av ein viktig tidsperiode i norsk historie.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Eg er kjent med at det vil være utfordrende for "Saga Oseberg" å etterleve reglar som ikkje er tilpassa den typen fartøy.
Sjøfartsdirektoratet er derfor i konstruktiv dialog med representantane for "Saga Oseberg" om å finne ei løysing slik at fartøyet kan fortsette verksemda si og formidle norsk historie.
Eg har fått opplyst frå Sjøfartsdirektoratet at saka er under behandling, og dei understrekar at dei ikkje har konkludert på nokre område i saka.
Om nødvendig vil Nærings- og fiskeridepartementet be Sjøfartsdirektoratet gjere tilpasningar i reglane. Eg syner til mitt svar av 23. mai 2017 på spørsmål nr. 1121 frå stortingsrepresentant Anders Tyvand.