Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1270 (2016-2017)
Innlevert: 12.06.2017
Sendt: 13.06.2017
Svart på: 20.06.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Er det skilnad på retningslinene for bruk av skjønn i frådelingssaker i tettbygde strøk i forhold til i grisgrendte strøk, og er det skilnaden på utfallet i ulike fylke når fylkesmenn bruker skjønn i saker som gjeld frådeling av hustomt frå gardbruk i drift?

Grunngiving

Jordvern er særs viktig, og bakgrunnen for spørsmålet er ikkje at det skal gjerast generelt lettare å byggje ned jord til boligføremål. Det er bra at reglane er strenge. Samtidig er det ein fordel om bruken av skjønn frå fylkesmennene si side er fornuftig, at det ikkje er stor skilnad frå fylke til fylke og at omsynet til busetnad og fortsatt drift av gardsbruk tel med i vurderinga om frådeling av tomter.
Den største nedbygginga av dyrka jord skjer i eller nær tettstader. Det framstår som at fylkesmennene nyttar eit anna type skjønn når dei tek stilling til tomtefrådeling i og nær tettstader enn dei gjer i grisgrendte strøk. Når saka gjeld ei boligtomt som er søkt frådelt eit gardsbruk, ser det altså ut for at det er vanskelegare å få eit ja enn om eit tilsvarande jordstykke er søkt omgjort til boligtomt i tettbygde strøk. Dersom statsråden meiner dette ikkje stemmer, vil ei oppklåring vera velkomen.
Den konkrete bakgrunnen for dette spørsmålet er ein frådelingssøknad i Gjemnes, garden Hoem, der eldste generasjon ønskjer å byggje eit nytt hus og la den yngre generasjonen flytte inn i eksisterande gardshus. Kommunen har kome til same konklusjon to gongar: «En fradeling påvirker ikke eiendomsstrukturen i særlig grad. Samfunnsnytten er stor i tiltaket.» Likevel har fylkesmannen sagt nei til frådeling begge gongar han har behandla saka. Eit moment som verkar merkeleg i denne saka, er at den omsøkte parsellen ligg på ein type mark som dåverande landbruksminister Listhaug i 2013 tok bort tilskotet på, nemleg bratt og vanskeleg terreng som vart nytta til storfebeite. Det er så bratt at det ikkje nyttar å bruke traktor. Ein kan lure på kva definisjonen av fulldyrka mark er og kva som er årsaka til at god landbruksjord på flat mark ein stad i landet kan byggjast ned av IKEA-bygg og parkeringsplassar, medan ein ikkje får løyve til å byggje eit enkelt hus i bratt terreng.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det er reglar både i jordlova og i plan- og bygningslova som er aktuelle når ein ynskjer å dele frå ei hustomt frå eit gardsbruk.
Jordlova, som ligg under Landbruks- og matdepartementet, § 9 inneheld eit forbod mot omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og kommunen kan berre gje samtykke til omdisponering når det ligg føre "særlege høve". Omsynet til busetjing kan være eit av fleire nasjonale omsyn i vurderinga. Jordlova § 12 om forbod mot deling skal mellom anna sikre og halde eigedomens ressurser samla. Omsynet til busetjing er eit av flere moment som skal vurderast.
Kommunane skal nytte lokalt skjønn i disse sakene, og retningslinene opnar for å leggje vekt på om hustomta ligg i eit grisgrendt strøk. I rundskriv M-1/2013 står det følgjande:

"Mens det i sentrale strøk er særlig viktig å sikre et sterkt jordvern og rasjonelle eiendommer, vil det i distriktene ofte være viktig å legge til rette for en bruksstruktur som sikrer bosettingen på best mulig måte."

I tillegg til jordlova, kjem reglar i plan- og bygningslova til anvending når ein ynskjer å dele frå ei boligtomt i eit område som ligg i eit landbruksområde (LNF-område) i kommuneplanen. I slike høve skal ein ha dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-2. Dette er ei lov som ligg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I saka du viser til, har kommunen gjeve løyve etter jordlova §§ 9 og 12, men kommunen sitt vedtak om å innvilge dispensasjon etter plan- og bygningslova er påklaga av fylkesmannen til settefylkesmann. Eg kan ikkje kommentere ei enkeltsak som ikkje er avgjort.
Fylkesmannen brukar skjønn i vurderinga av om han skal påklage eit vedtak om dispensasjon etter plan- og bygningslova. Jordvern er eit av fleire kriterie ein skal leggje vekt på. Det fins ikkje tall på om det er forskjell på utfallet i ulike fylke når fylkesmenn brukar skjønn i saker som gjeld frådeling av hustomt frå gardsbruk i drift.
Eg vil likevel understreke at regjeringa har foreslått fleire endringar i jordlova, konsesjonslova, priskontrollen og delingsbestemmelsen for å gi den private grunneigaren større råderett over eigen eigedom. Senterpartiet har i dei fleste høve røysta mot slike naudsynte endringar som ville styrka den private eigedomsretten.
Eg vonar Senterpartiet i framtida i større grad vil legge vekt på privat eigedomsrett i arealsaker, regjeringa vil raskt kunne kome attende til Stortinget med slike forslag dersom eg skal forstå spørsmålet slik at Senterpartiets posisjon no er endra.