Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1296 (2016-2017)
Innlevert: 15.06.2017
Sendt: 16.06.2017
Svart på: 23.06.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva er årsaka til at rassikring av rv 13 Vik-Vangsnes enno ikkje er sett i gong, og når vil Statens Vegvesen starte arbeidet?

Grunngiving

Vegen rv 13 mellom Vik og Vangsnes har lenge vore planlagt utbygd og sikra. Prosjektet har under dagens regjering vorte utsett ved fleire høve.
Vegen er rasfarleg, næringslivet og innbyggjarane er utålmodige og finn det vanskeleg å forstå kvifor rassikringa vert utsett år etter år. Det har vore hevda at manglande løyvingar til rassikring kan vere ei årsak.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 2017 vart det løyvd 60 milll. kr til anleggsstart på prosjektet rv 13 Vik – Vangsnes i 2017, jf. Prop. 1 S (2016-2017) og Innst. 13 S (2016-2017). Løyvinga er i tråd med innmeldt behov frå Statens vegvesen.
I følgje Statens vegvesen låg det først føre endeleg vedtatt reguleringsplan for deponi for tunnelmassane i mars 2017. Deretter har det vore samtalar med grunneigarar for å få på plass avbøtande tiltak. Arbeidet med prosjektering og grunnerverv har pågått sidan 2016. Arbeid med framføring og omlegging av høgspentlinjer pågår, og arbeid med avskoging startar i september 2017. Hovudentreprisen vart lyst ut 19. juni 2017, og det er rekna med at arbeida på denne vil starte i januar/februar 2018.