Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1427 (2016-2017)
Innlevert: 01.08.2017
Sendt: 02.08.2017
Svart på: 09.08.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden avklare om ho var klar over at arbeidet med FFI-studien om Heimevernet vart stansa til etter framlegginga av landmaktstudien, kan statsråden klargjere om ho var involvert i avgjerda, og vil statsråden syte for at arbeidet som so langt er gjort i studien vert gjort kjent for offentlegheita straks?

Grunngiving

Aldrimer.no har avdekt at Forsvarsdepartementet 1. juni i år avgjorde at den nær ferdigstilte strukturanalysen av Heimevernet som er utarbeidd på Forsvarets Forskingsinstitutt ikkje vert gjort offentleg før etter stortingsvalet. Rapporten anslår i følgje Aldrimer.no at totalbehovet for styrkestrukturen i Heimevernet er 56.230 soldatar.
Aldrimer.no skriv i ein artikkel 19. juli at sjef for Heimevernet stadfestar at det var Forsvarsdepartementet som tok avgjerda om at strukturstudien for Heimevernet ikkje skal verte presentert før etter stortingsvalet.
Aldrimer.no skriv I artikkelen at:

“Det var på et møte i F3 1. juni i år at sjefen for FDs avdeling for forsvarspolitikk og langtidsplanlegging (FD IV), generalmajor Odd-Harald Hagen, fortalte deltakerne på møtet i Forsvarets forskningsforum at «timingen» for HV-rapporten var dårlig. Det har ulike forsvarskilder bekreftet uavhengig av hverandre.”

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Tre gonger i året gjennomførast det Forsvarets forskningsforum (F3), der Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) legger fram forslag til nye forskingsprosjekt dei ønsker å gjennomføre. Til Forsvarets forskningsforum i juni i år er det rett som du skriv at FFI hadde eit forslag til forskingsprosjekt, Strukturstudie for Heimevernet, som skulle sluttførast innan 31. desember 2018. Prosjektet skulle etter FFI si anbefaling finansierast med midlar frå Heimevernsstaben (HVST) og frå Forsvarsdepartementet (FD).
Strukturstudia skulle byggje på konklusjonane frå Landmaktutredningen (LMU). LMU vurderer fleire faktorar som vil ha betyding for Heimevernet si framtidige struktur, deriblant utdanningsordninga, førstegongstenesta og materiell. Basert på LMU vil regjeringa legge fram ein proposisjon for Stortinget i oktober i år om den vidare utviklinga av landmakta. Forsvarets forskningsforum vedtok difor å utsetje strukturstudia om Heimevernet til etter dette. Eg var ikkje involvert i avgjerda om å utsetje studien. Dette har vore handtert på vanleg måte i Forsvarets forskningsforum, i tråd med forumet sine vedtekter.
I utgangspunktet starter FFI ikkje opp forskingsprosjekt før dei blir godkjende i Forsvarets forskningsforum. I dette tilfellet har likevel FFI starta innsamling av data utan den formelle godkjenninga frå oppdragsgjevarane. Det har difor vore arbeida med datainnsamling til eit av delmåla i prosjektet før Forsvarets forskningsforum i juni. Arbeidet med dette delmålet har resultert i eit utkast til ein gradert rapport. For FFI er kvalitet i arbeidet viktig, og før ein rapport gis ut blir det gjennomført dei ei rekkje interne kvalitetssikringstiltak. I dette tilfellet meiner leiinga ved FFI at arbeidet ikkje har komme langt nok og heller ikkje er av ei slik kvalitet at dei ønsker å gje det ut med kvalitetsstempelet til FFI.
Eit anna forhold som er avgjerande for FFI er at forskinga deira blir sett på som fri og uavhengig. Som FFI sin statsråd meiner eg prinsipielt det vil vere galt å påleggje dei å gje ut noko dei ikkje sjølve meiner dei bør utgje. Det vil og vere prinsipielt uheldig om anna forsking ved FFI vert politisert. Forskinga deira må vi verne om, slik at den og i framtida kan være politisk uavhengig og halde høg vitskapleg kvalitet.