Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1441 (2016-2017)
Innlevert: 03.08.2017
Sendt: 03.08.2017
Svart på: 10.08.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Meiner samferdselsministeren det er akseptabel DAB- dekning i tunnelane på strekninga E16 mellom Bergen og Voss, er radiodekninga dårlegare no enn med FM- samband og kva konkret vil statsråden gjere for å sikre køyrande sin tilgang til radiosignal på denne strekninga og kor tid skal dette kome på plass?

Grunngiving

Etter eiga erfaring forsvinn radiosignala i dei aller fleste tunnelane på dagens strekning mellom Bergen og Voss, og ei uoffisiell oppteljing viser at i minst 15 tunnelar på strekninga forsvinn DAB- signala. Dette har også med beredskap å gjere. Trafikktryggleiken i tunnelane på vegen har på nytt vore diskutert i sommar etter ulykka i Beitlatunnelen på Dale, der tre personar vart alvorleg skadd. Beitlatunnelen og Langhelletunnelen har begge fjøslykter hengane på eine sideveggen.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Vedtak om å digitalisere radionettet skjedde under Stoltenberg II regjeringen. Samtlige partier unntatt Fremskrittspartiet stemte for. Dagens regjering gjennomfører nå Stortingets vedtak.
E16 på strekninga frå Voss sentrum til kryss med E39 i Åsane er 89 km lang. Strekninga har 34 tunnelar med ei samla lengde på 25,9 km, noko som utgjer 29 pst. av strekninga. 17 av tunnelane er lengre enn 500 m.
9 tunnelar hadde FM tidegare og er no bygde ut med digitalt Naudnett og DAB med funksjon for innbryting, slik at vegtrafikksentralen kan gi meldingar til trafikantane. Desse tunnelane utgjer til saman 13,7 km. Tunnelane er bygde ut med DAB-blokkene Regional og Riks1. Signalstyrken er kontrollmålt av Statens vegvesen. Målingane viser at alle tunnelane har DAB-signal tilsvarande eller betre enn det som er oppgitt som «meget god dekning» i dekningskarta.
8 tunnelar lengre enn 500 m hadde ikkje FM tidlegare og er derfor ikkje omfatta av avtalen om etablering av DAB i samband med utfasing av FM. Desse tunnelane utgjer til saman 6,9 km. Her vil Naudnett og DAB bli etablert når tunnelane blir utbetra i samsvar med krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.
Det er ikkje krav til kringkasting i tunnelar som er kortare enn 500 m. Dette inneber at det framleis vil vere 17 tunnelar med dårleg eller inga DAB-dekning inntil ny E16 mellom Voss og Arna er ferdig utbygd.