Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden syte før at Volda sjukehus blir definert som eit akuttsjukehus med traumefunksjon, vil statsråden syte før at helgestenginga av akuttkirurgi vert oppheva og vil statsråden sikre at basale akuttfunksjonar i Volda ikkje blir planlagt funksjonsfordelt/sentralisert til Ålesund sjukehus?
Grunngiving
Volda sjukehus har ikkje hatt traumefunksjon dei siste åra, til tross for at sjukehuset oppfyller alle krav til akuttsjukehus med traumefunksjon. Alle samanliknbare sjukehus i Norge har traumefunksjon. Også i ny revidert traumeplan fyller Volda sjukehus opp alle krav. No må pasientar etter boka fraktast heilt til Ålesund, og det vil kunne føre til at pasientar vil omkomme eller få dårlegare prognose på grunn av transporttida.
I Nasjonal helse- og sjukehusplan blei det eit nasjonalt vedtak om at akuttkirurgi skal vidareførast i Volda. Likevel opplever ein lokalt at vedtaket som helseføretaket har gjort, er ullent og inneber at det skal oppfyllast i eit samarbeid mellom sjukehus, altså at ein ikkje er sikra grunnleggande akuttilbod i Volda, slik Stortinget la til grunn.
Helgestenginga av kirurgien ved Volda inneber at alle pasientar må reise til Ålesund, sjølv om kirurgar er lønna ved Volda og går vakt 24/7. Dei har ikkje lov å ta i mot akuttinnleggingar i helg. Ordninga er unødvendig, tungvint for pasientane og belastande. Det er og ei ressurskrevjande løysing, der ambulansane i helg i stor grad vert brukt til transport.