Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1524 (2016-2017)
Innlevert: 25.08.2017
Sendt: 28.08.2017
Svart på: 01.09.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for kvifor regjeringa enno ikkje har gjort vedtak om kva forprosjekt ein skal gå vidare med når det gjeld kvikksølvforureing ved ubåtvraket U-864 utanfor Fedje i Hordaland, og kan statsråden informere om kva alternativ regjeringa vil gå for i denne saka og når dette arbeidet skal starte opp og bli ferdigsstilt?

Grunngiving

I Prop. 111 S (2011-2012) blei det avgjord at ein skulle gå vidare med forprosjektering av to av dei seks alternativa for miljøtiltak som blei utreia i Kystverkets konseptvalutreiing frå 2011 i sak om kvikksølvforureining ved ubåtvraket utanfor Fedje. Dette er alternativet med tildekking av vraket med last og forureina havbotn, og alternativet som omfattar heving av last og tildekking av forureina havbotn. I Prop.1 S (2015-2016) orienterte Samferdselsdepartement om arbeid i 2015 med detaljprosjektering av og anbodsprosess for støttefyllinga som skal sikre den ustabile skråninga under vraket sin baugseksjon. I Prop 1S (2016-2017) orienterte regjeringa om støttefyllinga blei etablert i mai og juni 2016. Støttefyllinga må sette seg i halvanna år før ytterlegare tiltak kan iverksettast. Det betyr at ein kan gå i gang med tiltak på sjølve båten i utgangen av 2017. På Kystverket sine sider står det at dei avventar no avgjerd om val av konsept. På Facebooksida til prosjektet står det at kystverket forventar at sjøbotn vil vere tilstrekkeleg stabil for vidare tiltak ved utgangen av 2017. Det er difor svært viktig at regjeringa ikkje lenger utset denne avgjerda, slik at det ikkje blir stopp i arbeidet med denne store miljøsaka i Hordaland.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: For regjeringa er det viktig å sikra ei miljømessig trygg og forsvarlig handtering av kvikksølvforureininga i og ved vraket av ubåten U-864 utanfor Fedje.
Den raudgrøne regjeringa handsama saka frå 2006 til 2013 utan å få på plass ei løysing. I 2007 blei det vedteke tildekking, i 2009 blei det vedteke heving og i 2010 blei det vedteke å utgreie saka ytterlegare, inkludert tildekking. I revidert nasjonalbudsjett for 2012 orienterte så den raudgrøne regjeringa om at dei ville gå vidare med å forprosjektera to av dei alternativa som var utreidde i ei konseptvalutgreiing i 2010-2011.
I tråd med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2012 i Stortingen forprosjekterte Kystverket i 2012-2014 to alternative miljøtiltak mot kvikksølvforureining ved U-864. Dette er 1) Heving av last og tildekking av vrak og forureina havbotn og 2) Tildekking av vraket med last og forureina havbotn.
Vi har starta det fysiske arbeidet med miljøtiltak ved ubåtvraket. Etter at vi fekk Kystverket sine forprosjekt i mai 2014, gjorde regjeringa allereie hausten 2014 framlegg i budsjettet for 2015 om å løyve 150 mill. kroner til å byggje ei støttefylling for å støtta opp og sikra den ustabile skråninga under og nedanfor vraket sin baugseksjon mot utrasing. Eit ras i den ustabile skråninga ville ha spreidd forureina sediment utanfor det området som allereie er forureina. Etableringa av støttefyllinga er difor det første nødvendige steget i arbeidet med miljøtiltak ved vraket, uavhengig av val av miljøtiltak. Støttefyllinga blei detaljprosjektert og lyst ut på anbod i 2015, og ho blei etablert i mai-juni 2016. Fyllinga ligg opp til, men rører ikkje ved sjølve vraket, slik at val av vidare tiltak ikkje er avgrensa.
Det er berekna at støttefyllinga og havbotnen under fyllinga må setje seg i halvanna år før havbotnen er so sterk at ein kan starte opp vidare arbeid med miljøtiltak ved vraket. Vidare arbeid med miljøtiltak kan soleis først setjast i gang når vi veit at fyllinga og havbotnen har sett seg og havbotnen er sterk nok. Ein vil konkludere om vidare tiltak når dette er sikra.
For å vere sikre på at både støttefyllinga og havbotnen får naudsynt styrke er det lagt inn måleinstrument i fyllinga og havbotnen. Data frå måleinstrumenta vert innhenta etter ein fastlagd plan og vurdert av geoteknikarar. Instrumenta er lest av no i august og den siste planlagde avlesinga er til årsskiftet. Då vil ein veta om støttefyllinga og havbotnen har sett seg som berekna, eller om ein må vurdere meir arbeid med fyllinga. Avlesingane av instrumenta fram til no tyder ikkje på at der er noko problem med fyllinga.