Skriftleg spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:554 (2017-2018)
Innlevert: 14.12.2017
Sendt: 15.12.2017
Svart på: 21.12.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Vil statsråden vurdere leveringsplikt for breiband for å sikre at alle får eit godt tilbod når Telenor kuttar breibandstilbodet før eit godt alternativ er på plass?

Grunngiving

Nyleg lagde NRK Sogn og Fjordane ei reportasje frå Botnane i Bremanger der Telenor kuttar breibandtilbodet til fem hus fordi to stolpar til 50 000 må bytast ut. Telenor sin moderniseringsdirektør opplyser at dei har sendt liknande beskjed til kring 600 kundar og at det vil bli 1000 neste år. Han presiserer at dette gjeld tilfelle der er, eller kjem til å komme alternative løysingar. Internett er ein infrastruktur som er svært viktig både for næringsliv og enkeltmenneske. At det ikkje er eit godt alternativ for familiar før Telenor kuttar tilgangen til koparnettet er kritisk for dei det gjeld. I eit skriftleg spørsmål frå Hans Fredrik Grøvan viser ministeren til at han ikkje kan pålegge Telenor å gje dekning, og at han vil ta initiativ til at regjeringa vurderer andre tiltak for å sikre alle eit tilstrekkeleg godt breibandstilbod dersom ein ikkje får tetta hola på permanent basis. Statsråden seier ikkje noko om når ei slik sak vil komme og kva omfang problemet må ha for at han vil foreslå å vurdere leveringsplikt.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Som eg viste til i mitt svar til representanten Grøvan, jf. skriftleg spørsmål nr. 1538, har enkelte land innført eller vurderer å innføre leveringsplikt på breiband. Dette er også vurdert i Norge. Eg viser i denne samanheng til Meld. St. 27 (2015-2016) Digital Agenda for Norge. Her går det fram at regjeringa har vurdert innføring av leveringsplikt for breiband og at det den gongen vart konkludert med at det ikkje var naudsynt med slik leveringsplikt. Eit tungtvegande argument i vurderinga den gongen var at slik leveringsplikt truleg kunne bidra til å redusere investeringsvilja til dei kommersielle utbyggjarane. Stortinget hadde ingen merknadar til dette ved behandlinga av meldinga.
Eg er samd med representanten Storehaug i at internett er ein infrastruktur som er svært viktig for næringsliv og enkeltmenneske. Det vert stadig vanskelegare å delta i samfunnet utan tilgang til internett. Heldigvis har den kommersielle utbygginga vært god dei siste åra. I tillegg har støtteordninga for breiband bidrege til å tette hola mange stader. Det er i dag difor svært få innbyggjarar som ikkje har moglegheit for tilgang til internett. Ifølgje den siste kartlegginga av dekninga som har blitt utarbeida for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, er det i 2017 færre enn 1 000 husstandar i Norge som ikkje kan få breiband med 4 Mbit/s nedlasting. (Om ein ser vekk frå satellitt som aksessteknologi er det i 2017 om lag 2 000 husstandar som ikkje kan få 4 Mbit/s.) Denne hastigheita er nok til grunnleggjande surfing på internett, e-handel, e-post, nettbank, offentlege tenester og tilgang til læringsplattformer. Til samanlikning mangla rundt 9 000 husstandar tilbod om 4 Mbit/s nedlasting (eller rundt 95 000 husstandar om ein ser bort frå satellitt) i 2013.
Regjeringa vil at ordninga med statlege tilskot til breiband framleis skal være retta mot utbygging av breiband i område som manglar eit grunnleggjande tilbod og der det ikkje kan ventast at kommersielt tilbod om breiband vert etablert dei komande åra. Eit mål for ordninga skal vere å bidra til at husstandar og bedrifter som ikkje har eit kommersielt basert breibandstilbod med minst 4 Mbit/s nedlasting og 1 Mbit/s opplasting, får eit slikt breibandstilbod frå minst éin tilbydar. Dersom dette målet ikkje vert nådd ved kommersiell utbygging og ved hjelp av statlege tilskot, vil regjeringa eventuelt vurdere andre tiltak for å sikre varig breibandstilbod til alle.