Skriftleg spørsmål fra Steinar Ness (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1158 (2017-2018)
Innlevert: 14.03.2018
Sendt: 14.03.2018
Svart på: 23.03.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Steinar Ness (Sp)

Spørsmål

Steinar Ness (Sp): Vil statsråden bidra til Avinor går inn med midlar i eit spleiselag for å bygge hangar ved Sogndal Lufthamn?

Grunngiving

Ved Sogndal Lufthamn Haukåsen har kommunane og fylkeskommunen teke initiativ til eit spleiselag for å bygge hangar ved Sogndal Lufthamn slik at det vert mogleg å få nattstasjonert fly. Dette vil sikre og forbetre regulariteten ved lufthamna. Til no har Avinor ikkje vare imøtekomande når det gjeld å vere med i eit slikt spleiselag, sjølv om Kommunaldepartementet har sett av ein million.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Avinor er eit statsaksjeselskap der det ligg til styret og leiinga å forvalte selskapets midlar. Spørsmålet om bygging av hangar til bruk for luftfartsaktørar ved Sogndal lufthamn er difor lagt fram for Avinor. Avinor har allereie klargjort ei aktuell tomt til bygging av hangar, mellom anna med framføring av vatn, straum og avløp, og vil bidra til praktiske forhold dersom luftfartsaktørar ønsker å investere i ei hangar.
Avinor ønskjer ikkje å bidra til å finansiere bygginga av ein slik hangar ved lufthamna, og visar til at det ikkje føreligg ei avtale med luftfartsaktørar som ønskjer å leie hangar på Sogndal lufthamn. Avinor ser det heller ikkje som rett å bidra til å finansiere hangaren, og viser til at dette ville vere uheldig i forhold til praksis på andre lufthamner der luftfartsaktørar har etablert hangar utan at Avinor har bidratt til å finansiere dette.