Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1300 (2017-2018)
Innlevert: 10.04.2018
Sendt: 10.04.2018
Svart på: 13.04.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva var planlagt beløp for investeringar i Hæren for perioden 2013-2016,og kva var faktisk løyvd beløp til investeringer i Hæren i den same perioden?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Nivået på investeringane for perioden 2013-2016 var ein del av dei vedtaka som Stortinget fatta i samband med handsaminga av Innst. 388 S (2011-2012), jamfør Prop. 73 S (2011-2012) – Et forsvar for vår tid . Oppfølginga av Stortinget sitt vedtak knytt til førre langtidsplan er synleggjort i dei årlege budsjettproposisjonane handsama i Stortinget kvart år.
Dei årlege budsjettproposisjonane for åra 2013-2016 inneheld ein eigen tabell som viser dei planlagde utbetalingane til materiellinvesteringar fordelt på områda Landsystem, Sjøsystem, Luftsystem, Nettverksbasert forsvar, Logistikksystem og Spesialoperasjonar og soldatsystem (kapittel 1760, tabell 4.X - Formålstabell). Denne inndelinga er ikkje ‘skrudd saman’ forsvarsgreinvis. Til dømes vil området Spesialoperasjonar og soldatsystem framskaffe uniformer og handvåpen til soldatar i alle forsvarsgreiner. Det har difor vore naudsynt å gjere eit overslag over kor mykje av dei ulike områda som skaffar materiell til landstyrkane (det vil seie Hæren og Heimevernet). For Landsystem er delen tilnærma 100 %, for Logistikksystem og Nettverksbasert forsvar om lag 60 %, og for Spesialoperasjonar og soldatsystem om lag 70 %. Ved å rekne saman desse delane, slik dei er presenterte i dei årlege Prop. 1 S, får ein oversikta over kva som var planlagt nytta til investeringar for kvart einaste år. Forsvarsdepartementet sine berekningar viser ein total sum til landstyrkane på 14,1 mrd. kroner rekna om til 2018-kroner. Eg gjer merksam på at det er naudsynt å ta høgd for ei viss usikkerheit i talgrunnlaget då prosjekt kan vera flytt mellom dei aktuelle investeringsområda.
Forsvarsdepartementet har vidare sett på kva som faktisk har vore utbetalt i prosjekta som inngår i dei områda som er nemnt over. Summen, rekna om til 2018-kroner, er om lag 12,3 mrd. kroner. Hovudårsaka til differansen er justeringa av investeringsporteføljen som vart gjort sumaren 2014. Som ei følgje av kampflyinvesteringa, og ei stor overhøgd i porteføljen, måtte det gjerast ei tilpassing for å sikra at dei høgast prioriterte prosjekta vart gjennomført. Nokre prosjekt vart då kansellert; andre fekk justert tidsplanen. Stortinget vart orientert om denne prosessen gjennom Prop. 1 S (2014-2015), side 94.