Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1453 (2017-2018)
Innlevert: 27.04.2018
Sendt: 27.04.2018
Svart på: 07.05.2018 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I Aftenposten 7. april stod det at Torbjørn Røe Isaksen hevda at kutt i sjukeløn skapar skildnader. Det er eg heilt samd med han i.
Er finansministeren samd med at kutt i sjukeløn skapar større skildnader?

Grunngiving

Dette spørsmålet stilte eg også til statsråden under spørjetimen, men sjølv etter å ha lese referatet finn eg ikkje kva statsråden meinar.
Spørsmålet går ikkje på om ein vil foreta kutt i sjukelønsordninga, men om statsråden er samd eller usamd i at kutt i sjukeløn skaper større forskjellar.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Ordninga med sjukeløn er ei god ordning som det er brei politisk ening om at vi skal ta vare på i Noreg. Hovudformålet med sjukeløn er å sikre inntekt ved sjukdom, ikkje å redusere skilnadar. Ordninga med sjukeløn er likevel grunnleggande omfordelande mellom ulike grupper i samfunnet. Sjukeløna omfordeler mellom friske og sjuke arbeidstakarar. Sjukefråvær er ikkje likt fordelt mellom ulike grupper i samfunnet, og eit hypotetisk kutt i sjukeløna vil dermed påverke ulike grupper ulikt. Sjukefråværet er blant anna høgare blant kvinner, personar med låg utdanning og tilsette i offentleg sektor. Samstundes er sjukeløn avgrensa til personar i arbeid, noko som gjer at sjukeløn i mindre grad er retta mot personar med låg inntekt enn andre trygdeordningar. For å redusere det høge sjukefråværet i Noreg vert det lagt ned betydelege ressursar i oppfølging frå NAV og i tilrettelegging på arbeidsplassen. Forsking viser at sjukefråvær har negativ effekt på framtidig løn og sysselsetting. Langtidssjukefråvær aukar risikoen for overgang til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Desse ordningane kompenserer 66 prosent av tidligare inntekt. Tiltak for å redusere sjukefråværet vil dermed òg kunne redusere skilnadar. Eit hypotetisk kutt i sjukeløna vil skape inntektsskilnader mellom friske og sjuke arbeidstakarar det første året med sjukdom. Dersom ein antar at arbeidstakarar med låg inntekt har høgare sjukefråvær enn arbeidstakarar med høg inntekt, vil eit kutt auke skilnadene mellom desse to gruppene. Dersom kuttet reduserer sjukefråværet, vil likevel dei økonomiske skilnadene i samfunnet isolert sett kunne bli redusert. Effektane vil avhenge av korleis endringar i sjukelønsordninga vert innretta, og korleis endringane vil påverke sjukefråværet til ulike grupper.