Skriftleg spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1849 (2017-2018)
Innlevert: 15.06.2018
Sendt: 18.06.2018
Svart på: 25.06.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): Vil statsråden vurdera endringar i regelverket for å gjera at ein ikkje vert straffa økonomisk for å gjera ein ekstraordinær innsats for å unngå avlingsskade?

Grunngiving

Me har blitt kontakta av ein bonde som har opplevd avlingssvikt som fylgje av isbrann. Denne bonden gjorde ein ekstraordinær og kostbar innsats for å redusera skadane utover den plikta ein har etter regelverket.
Bonden fikk ei avling som var langt unna normal avling på garden, men avlingsskada var ikkje stor nok samanlikna med normalavlinga i kommunen til å gje rett på erstatning. Resultatet vart at bonden tapte pengar på å gjera ein ekstraordinær innsats for å berga avlinga.
Det vert ikkje nekta for at det både er rett og fornuftig å ha eit krav om å førebyggja avlingsskade. Spørsmålet er om ein ved utmålinga kan ta omsyn til kva som er normalavlinga på garden og at ein og kan ta omsyn til kostnadane ved å førebyggja skade utover det som normalt må kunne forventast.
Den konkrete saka er frå Oppdal våren 2017.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Bønder er sjølvstendig næringsdrivande. Dei har eit sjølvstendig ansvar for eiga inntekt og driftsresultat innan dei rammer som gjeld til ei kvar tid. Det vil mellom anna seie at bønder må sørgje for å optimalisere resultatet sitt òg når vêret og andre tilhøve påverkar avlingsnivået.
Over jordbruksavtala har vi ei ordning som har som føremål å hjelpa bønder økonomisk i ein vanskeleg situasjon når dei uforskyldt opplever store klimabetinga avlingsskadar. Ordninga erstattar berre eit berekna tapt kvantum, og ikkje redusert kvalitet på avlinga. I forskrift om erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon § 9 heiter det mellom anna:
Hele eller deler av erstatningen kan avkortes dersom foretaket

1. ikke har drevet på en faglig forsvarlig måte og har gjort det som normalt kan forventes for å forebygge tap, eller

[...]

Det vil vere umogleg å lage eit klårt skilje mellom å gjera det som "normalt kan forventes" og det representanten kallar ei "ekstraordinær" innsats. I dette konkrete høvet som representanten syner til, dreier det seg om å reparere eng som er råka av isbrann. Normalt vil ein husdyrprodusent trenge det fôret som kan produserast på den enga han disponerer. Å reparere enga så raskt som mogleg vil difor òg vera i produsentens eiga interesse.
I desse dagane er det også mange bønder som er råka av tørke, og difor vatnar åkeren for å hindre/avgrense avlingsskade. Dei bøndene som har høve til kunstig vatning vil nytte dette, sjølv om det krev både kostnadar og arbeid. At bøndene gjer tiltak for å redusere omfanget av skade, er viktig òg av omsyn til legitimiteten til avlingsskadeordninga.
Endringar av ordninga må skje i samband med jordbruksforahndlingane. Jordbruksorganisasjonane fremja ikkje forslag om å endre regelverket i år. Eg vil heller ikkje ta initiativ til å endre regelverket.