Skriftleg spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1851 (2017-2018)
Innlevert: 15.06.2018
Sendt: 18.06.2018
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Svart på: 25.06.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Hvordan vil statsråden sikre at Beiarn kommune blir satt i stand til å følge lovverket i dette spørsmålet?

Grunngiving

Beiarn kommune anser det som at Kongen har gjort fjelloven gjeldende i Beiarn kommune.
Beiarn kommune har gjennom Utmarkskommisjonens dom 16. 4. 1990 og Høyesteretts dom 19. november 1991 fått tilkjent beiterett på allmennrettslig grunnlag. Dette medfører at statens grunn i Beiarn skal defineres som statsallmenning. Det fremgår i fjellova § 1 første ledd at loven gjelder i «statsallmenningane».

I Ot.prp. nr. 32 (1973-74) heter det:

«Men skulle det bli rettsleg fastslått at noko av den umatrikulerte statsgrunn i Nord-Norge er statsallmenning, følger det av seg sjølv at lova dermed også gjeld for slike område…»

Da statens grunn i Beiarn er statsallmenning, i følge dommer i Utmarkskommisjonen og Høyesterett, anser Beiarn kommune det slik at fjelloven er gjeldende for Beiarn kommune, og at kommunen plikter å oppnevne et fjellstyre, jf. fjellova § 3, med de forpliktelser og rettigheter dette medfører.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Spørsmålet om fjellova gjeld eller bør gjelde for dei statlege utmarkseigedommane i Nordland og Troms har vorte reist tidlegare. Enkelte kommunar i Nordland og Troms har, som Beiarn, forsøkt å etablere ei forvalting av eigedommane tilsvarande den som gjeld for statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg. Landbruks- og matdepartementet har ved fleire høve slått fast at lova ikkje gjeld i Nordland og Troms. Dette vart seinast formidla til kommunane i Nordland og Troms i eit brev av 7. juli 2017. Departementet formidla også at dersom kommunane likevel etablerer fjellstyrer vil desse styra ikkje få den myndigheita eller dei inntektene som følgjer av fjellova.
Lov 6. juni 1975 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) gjeld etter § 1 første ledd for statsallmenningane. Med statsallmenningar er det i fjellova meint opphavleg statsgrunn i Sør- og Midt-Noreg.
Dei statlege utmarksareala i Nordland og Troms er eigd av Statskog SF. Statskog SF forvaltar eigedommane etter gjeldande lovverk og forskrifter, og etter dei retningslinene som blir fastsett av staten som eigar av føretaket.
Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms var ein dømmande kommisjon som mellom anna hadde til oppgåve å avklare grensene mellom statleg og privat grunn, og kva for rettar private har på dei statlege eigedommane. Utmarkskommisjonen var aktiv i perioden 1986 til 2004. Nokre av dommane frå kommisjonen vart anka til Høgsterett, mellom anna ei sak som gjaldt statleg eigedom i Beiarn.
Både Utmarkskommisjonen og Høgsterett slo fast at det i visse område var etablert beiterettar på eit allmenningsrettsleg grunnlag. Høgsterett omtaler dei aktuelle areala som "allmenning", ikkje "statsallmenning". Utmarkskommisjonen delte dei statlege eigedommane inn i to kategoriar: opphavleg og innkjøpt statsgrunn. Opphavleg statsgrunn omtalte kommisjonen som "statsallmenning". Frå staten si side har ein ikkje sett det slik at dommane frå Utmarkskommisjonen og Høgsterett har fastslått eigedommane sin rettslege status på ein slik måte at det følger av seg sjølv at fjellova gjeld.
I 2007 la Samerettsutvalet 2 fram eit forslag til framtidig forvalting av statens grunn i Nordland og Troms i NOU 2007: 13 Den nye sameretten. Utvalet var bedt om å gjere ei vurdering av om det ville vere riktig å innføre fjellova i Nordland og Troms, men anbefalte ikkje dette. Utvalet meinte at fjellova er tilpassa Sør- og Midt-Noreg, der tilhøva mange stader er annleis enn i Nord-Noreg. Utvalet peika også på at innføring av fjellova kan skape visse praktiske problem mellom anna for reindrifta. Utgreiinga frå Samerettsutvalet har vore på høyring og er no til behandling i departementa.
I forbindelse med behandlinga av Prop. 84 S (2016-2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, fatta Stortinget 8. juni 2017 eit vedtak (vedtak nr. 837) der Stortinget ber "regjeringen utrede å gi fjelloven samme anvendelse i Nordland og Troms som sør for Nordland grense", jf. Innst. 385 S (2016-2017). Regjeringa greiar no ut spørsmålet i tråd med Stortinget sitt vedtak.
Slik eg ser det, er det ikkje grunnlag for å seie at fjellova gjeld i Beiarn kommune. Kommunen har derfor korkje plikt eller høve til å opprette eit fjellstyre etter fjellova. Inntil dei pågåande prosessane som gjeld den framtidige forvaltinga av statens grunn i Nordland og Troms er sluttførde, vil eigedommane derfor bli forvalta som i dag.