Skriftleg spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1951 (2017-2018)
Innlevert: 27.06.2018
Sendt: 28.06.2018
Svart på: 04.07.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): Medfører det riktighet at staten held igjen utbetalingar til blant andre Trondheim og Stavanger på storleik med MVA-beløpet i kontraktane om metrobuss og bussveien, og kvifor held ikkje staten seg til det kontraktsfesta beløpet uavhengig om MVA kan refunderast eller ikkje?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I bymiljøavtalene og byvekstavtalene som allereie er inngått i dei fire største byområda, har staten forplikta seg til å dekke 50 pst. av kostnadene til fire viktige fylkeskommunale kollektivprosjekt. Staten forventar at dei lokale styresmaktene bidreg med sin del på 50 pst. til disse prosjekta. Dette har heile tida vore ein grunnleggjande føresetnad for ordninga med statleg delfinansiering av viktige kollektivprosjekt – den såkalla "50/50-ordninga".
Store kollektivprosjekt som går både på fylkes- og riksveg og der staten bidreg med 50 pst. av kostnadene, er noko nytt. Det er viktig å sikre at vi tar omsyn til praksis som følgjer av merverdiavgiftskompensasjonslova. I dei gjeldande, inngåtte avtalene er det ikkje presisert om det statlege bidraget skal reknast ut fra eit grunnlag med eller utan mva.
Fylkeskommunen må sjølv leggje ut for utgiftene til mva., men for investeringar på fylkesveg blir dette refundert gjennom ordninga med refusjon. Eg legg til grunn at staten skal dekkje 50 pst. av dei reelle kostnadene i 50/50-prosjekta. Staten sitt bidrag til dei delane av prosjekta som går på fylkesveg skal derfor reknast ekskl. mva., sidan fylkeskommunen vil bli kompensert for desse utgiftene. Denne avklaringa er i tråd med merverdiavgiftskompensasjonslova.
For investeringar på riksveg er det ikkje refusjon for utgifter til mva. Det statlege bidraget til dei delane av prosjekta som går på riksveg vil derfor bli rekna inkl. mva.
Desse premissane vil liggje til grunn for reforhandlingane av dei eksisterande avtalene som nyleg blei starta opp. Her vil det statlege bidraget til prosjekta bli vurdert på nytt. Det er løyvd midlar over statsbudsjettet til statleg bidrag i prosjekta på Nord-Jæren og i Trondheim. Samferdsledepartementet har stilt desse løyvingane til disposisjon for Statens vegvesen, som skal betale ut midlane til fylkeskommunane i tråd med dei gjeldande avtalane. Som sagt vil prinsippa om statleg bidrag til 50/50-prosjekt bli lagt til grunn for reforhandlingane av dei eksisterande avtalene. Utbetalingar som skjer før reforhandling vil såleis bli rekna ut frå kostnadstala i gjeldande avtale, og dermed ikkje vere omfatta av desse prinsippa.