Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1955 (2017-2018)
Innlevert: 28.06.2018
Sendt: 28.06.2018
Svart på: 03.07.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for om MPÅ nokon gong har operer frå Evenes, og om dei fekk den bakkestøtte dei trengde frå Evenes, og dersom MPA har flydd frå Evenes, ber eg statsråden gjere greie for kor dei parkerte og korleis drifta av MPA påverka sivil flytrafikk?

Grunngiving

På spørsmål 15:1904 (2017-2018) frå underteiknande svarar statsråden at Evenes handterte store mengder luftfartøy under Cold Response 2014. Han definerer skilnaden mellom flya under øvinga i kategoriar, men svarar ikkje konkret på om MPA har operert frå Evenes.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Forsvaret har meddelt Forsvarsdepartementet at dei ikkje har kjennskap til at det er operert MPA ut i frå Evenes. Med operert forstår Forsvarsdepartementet i dette høvet planlagde øvingar eller operasjonar. Det omfattar ikkje einskilde landingar av MPA.
Nærleiken til Andøya flystasjon, som i dag har både personell og fasilitetar for oppdragsplanlegging og gjennomføring, har ført til at denne flystasjonen blir nytta av MPA. Fasilitetar for å kunne operere MPA effektivt blir etablert på Evenes i tråd med Stortingets avgjerd.
Egna område for å parkere MPA på Evenes i dag om det skulle være aktuelt, er sør for sivil terminal på militær oppstillingsplass i område for mottak av nasjonal og alliert støtte.
Avinor vurderer den planlagde avviklinga av både sivil og militær trafikk, inkludert P-8 maritime patruljefly, på Evenes som uproblematisk. For vidare utgreiing visar eg til mitt svar til Stortinget i Dokument 15:1626 (2017–2018), der kapasiteten til å handtera større militære fly saman med sivil flytrafikk vert omhandla.