Skriftleg spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2241 (2017-2018)
Innlevert: 11.09.2018
Sendt: 11.09.2018
Svart på: 20.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Kva vil statsråden gjere for å sikre dialog og informasjon frå internettleverandørar før dei kuttar nettilgangen utan at folk har eit fullgodt alternativ?

Grunngiving

Det har dukka opp fleire døme på saker der Telenor har kutta breibandtilgangen utan å ha ein god dialog med kunden. Nyleg er eg gjort kjent med eit døme i Hellevik i Fjaler der kunden blei sittande att utan muligheit til å bruke internett innomhus etter at Telenor ikkje ville ta nødvendige grep for linja inn til huset hans. I 2018 er tilstrekkeleg internettdekning nødvendig for å drifte alt frå registreringar på tine.no, betale fakturarar og for å levere leksene til elevar. Regjeringa har tidelegare sagt dei ikkje vil vurdere leveringsplikt, trass i stadige døme som dette, men kva tiltak vil regjeringa då gjere for å sikre at folk kan bu og drive næringsverksemd med nettilgang i distrikta.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Tilgang til gode og sikre elektroniske kommunikasjonstenester som telefon og breiband vert stadig viktigare både for innbyggjarar og næringsliv, og det blir stadig vanskelegare å klare seg utan desse tenestene. Regjeringa har sett som mål at alle skal ha tilgang til breiband med høg hastighet og at det skal vere god mobildekning der folk bur, jobbar og ferdast. Eit viktig verkemiddel i ekompolitikken er leveringsplikt. Telenor har inngått avtale med staten om leveringsplikt for offentleg telefonteneste. Denne leveringsplikta er ikkje knytt opp mot ei bestemt teknologisk løysing og Telenor kan oppfylle leveringsplikta gjennom enten å tilby faste eller mobile tenester. Dei har heller ikkje plikt til å levere der andre ekomtilbyderar tilbyr sine tenester til kunden. Avtalen om leveringsplikt sett krav om innandørs dekning, og Telenor skal tilby ei løysing for innandørsdekning for kundar som berre har utandørs dekning enten frå Telenor eller andre. Staten betaler ikkje for tenesta, og avtala gjeld i fyrste omgang for eitt år.
Telenor har varsla ei omfattande modernisering av netta, der kopar heilt eller delvis blir erstatta med fiber. Moderniseringa vert tvinga fram både som følgje av teknologisk utvikling, men og fordi samfunnet og den enkelte borgar får stadig høgare forventningar og blir stadig meir avhengige av moderne ekomtenester. I tillegg er situasjonen slik at ein opplever at utstyr og kompetanse går ut på dato, ved at det for eksempel ikkje lenger blir produsert reservedelar eller at kompetanse blir oppretthalde til å halde ved like systema. Dermed vil gamle telefonsentralar på sikt nødvendigvis måtte fasast ut, og tilhøyrande koparliner sanerast. Dette kan føre til at innbyggjarar må gå over til å bruke andre breibandteknologiar og i nokre få tilfelle mister tilgang til breiband.
Når det gjeld den konkrete dialogen mellom kunden og internettleverandøren så pålegg ekomloven (§ 2-4) tilbyder/leverandør å varsle kunden ein månad før tenesta blir lagt ned, slik at kunden kan skaffe seg anna tenestetilbod, eller om slikt ikkje eksistera, melde frå til Telenor om at selskapet må finne løysingar slik at kunden framleis får telefontenesta.
Leveringsplikt for breiband vart vurdert i Meld. St. 27 (2015-2016) Digital Agenda for Norge. Då vart konklusjonen at det ikkje var naudsynt med slik leveringsplikt. Eit tungtvegande argument den gongen var at slik leveringsplikt truleg kunne bidra til å redusere investeringsvilja til dei kommersielle utbyggjarane. Stortinget hadde ingen merknadar til dette ved behandlinga av meldinga. Dei private aktørane sin kommersiell satsing har saman med den statlege breibandstøtteordninga bidrege til utbygging av t.d. fiberbreiband i mange distrikt dei siste åra. Målet er at alle skal ha tilgang, og om verkemidla ikkje strekk til så må dei vurderast etter kvart.