Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2326 (2017-2018)
Innlevert: 21.09.2018
Sendt: 21.09.2018
Svart på: 01.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Kva vert brutto innbetaling av bompengar for å kunna finansiera eit slikt bidrag, og korleis skal dei nye bomselskapa finansiera lån til store samferdselsprosjekt dersom lånesummen overstig norske bankar si lånegrense for einskildkundar?

Grunngiving

Det er lagt opp til 131 milliardar kr i bompengebidrag i NTP-perioden.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som representanten Rommetveit viser til, er det i Meld. St. 33 (2016-2017) lagt til grunn 131 mrd. kr i bompengar i perioden 2018-2029. Samstundes legg regjeringa til grunn 933 mrd. kr i statlege midlar til samferdselssektoren i denne perioden. Dette er eit svært høgt løyvingsnivå samanlikna med førre transportplan.
Brutto innbetaling av bompengar vil være høgare enn bompengebidraget sidan bompengeselskapa i tillegg har kostnader knytt til innkrevjing og drift av selskapa. Regjeringa jobbar for å halde kostnadene på lågast mogleg nivå. Gjennom bompengereforma har regjeringa sterk fokus på effektivisering, og kostnadene har gått ned kvart år i denne regjeringsperioden. Drifta skal vere effektiv, slik at mest mogleg av inntektene går til formålet med innkrevjinga. For prosjekt med låneopptak har selskapa også finansieringskostnader. Desse kostnadene vil variere mykje frå prosjekt til prosjekt. For bompengepakker skjer utbygginga vanlegvis over eit lengre tidsrom og parallelt med innkrevjinga, noko som normalt gir mindre lånebehov enn for strekningsvise prosjekt.
Det er ein føresetnad at finansieringsplanen for eit bompengeprosjekt er basert på nøkterne føresetnader. I tillegg blir det som hovudregel stilt fylkeskommunal eller kommunal garanti for låneopptaket. Det er i dag uproblematisk å skaffe lånefinansiering til bompengeprosjekt. Eg viser i den samanhengen til at bompengeselskapa kan nytte både nasjonale og internasjonale finansieringsinstitusjonar.