Skriftleg spørsmål fra Geir Jørgen Bekkevold (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2369 (2017-2018)
Innlevert: 28.09.2018
Sendt: 28.09.2018
Svart på: 04.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Jørgen Bekkevold (KrF)

Spørsmål

Geir Jørgen Bekkevold (KrF): Hvor mange personer vil miste tilgang til daglig leveranse av papiravis ved gjennomføring av Samferdselsdepartementets forslag om redusert postombæring, og i hvilke områder bor disse?

Grunngiving

For KrF er mediemangfold en viktig byggestein i demokratiet, og vi er derfor opptatt av at infrastrukturen legger til rette for at avisene fortsatt kan drive bærekraftig i en krevende tid. I overgangen til økt digitalisering vet vi at det fortsatt er slik at de fleste avisabonnenter har papiravisen som sin primære nyhetskilde.

Posten distribuerer i dag 15 % av abonnementsavisene mandag til fredag, som utgjør 180 000 aviseksemplar hver dag. Med 2,19 personer per husstand, vil lovforslaget ramme 394 200 mennesker i områder der det ikke er buddistribusjon. I rapporten fra Copenhagen Economics fremgår det derimot at det kun er 30-35 000 personer som vil bli rammet. Det er derfor behov for avklaring og begrunnelse for de reelle tallene på hvor mange som vil rammes av den foreslåtte reduserte postombæringen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg er einig med representanten i at mediemangfald er viktig i demokratiet vårt, og eg er som representanten oppteken av at infrastrukturen legg til rette for dette. Difor kjøper vi avisomdeling i distrikta kvar laurdag heile året (utanom påskeaftan), til ein pris på nær 100 mill. kr i 2018. Vidare kjøper vi postomdeling 2,5 dagar i veka i heile landet heile året til ein pris på nær 500 mill. kr i 2018, som avisbransjen også nyt godt av.

Samtidig har Stortinget vedtatt at regjeringa skal leggje til rette for at brukarar over heile landet skal få tilgang til gode og framtidsretta posttenester, og eit likeverdig tilbod av leveringspliktige tenester til overkommeleg pris, gjennom effektiv bruk av samfunnet sine ressursar. "Framtidsretta" og "effektiv bruk av samfunnet sine ressursar" er også ein del av det oppdraget vi er sett til å utføre. Då må vi vurdere om det er riktig å bruke stadig meir av skattebetalarane sine pengar på tenester som dei brukar stadig mindre. Den vurderinga gjer vi no, og den vurderinga tek vi sikte på å legge fram for Stortinget i løpet av hausten.

Det er ikkje nødvendigvis lenger riktig at dei fleste avisabonnentar har papiravisa som si primære kjelde for nyheiter, slik representanten skriv. Ifølgje Norsk mediebarometer frå SSB les 32 pst. av oss papiravis dagleg, medan 52 pst. les nettavis og 90 pst. brukar Internett. Ifølgje siste dekningsundersøking gjort på oppdrag frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, er det nesten ingen husstandar som manglar grunnleggande breiband , som er nok til å lese nettaviser og nytte offentlege portalar mv. Ifølgje Mediebedriftenes landsforeining sine medietall for 2017 er det no for første gong slik at det reine digitalopplaget er større enn andelen reine papirabonnement, og første gong slik at fleire les avisinnhald digitalt enn på papir.

Forslaget som blei høyrt har etter departementet si meining konsekvensar for ei avgrensa gruppe avislesarar sin faktiske tilgang til avisinnhald. Det er dei som ikkje har tilgang til alternativ distribusjon frå bransjens avisbodnett. Det er vidare dei som heller ikkje kan lese avisa digitalt, noko som er ein av fleire føresetnader når det i utgreiinga representanten viser til blir anslått kor mange menneske, på tvers av ulike typar sendingar, som vil kunne bli råka av endringar i leveringsplikta til omdeling annakvar dag.

Konsekvensane for avisbransjen oppstår fordi avishusa i stor grad framleis er avhengige av inntektene frå papiravisa. Det blir hevda at konsekvensane av eit endra posttilbod vil kunne bli så store at det vil gå ut over tilbodet til folk. I så tilfelle vil konsekvensane for bransjen kunne bli konsekvensar for avislesarane. Det vil vi unngå så langt det er mogleg. Difor har vi tett dialog med Kulturdepartementet. Vi tek òg med oss innspela frå avisbransjen i våre vurderingar, og vil kome attende til Stortinget med eit forslag til korleis dette bør handterast i åra som kjem.

Avisbransjen omdeler om lag 85 pst. av aviseksemplara i deira eigne avisbodnett. Basert på tal frå avisbransjen har Posten estimert at selskapet distribuerte om lag 13 pst. av aviseksemplara i 2017. Posten sitt volum fell, og selskapet trur marknadsandelen er lågare no. I august 2018 distribuerte Posten i gjennomsnitt i underkant av 150.000 aviser per distribusjonsdag (måndag-fredag). Om lag halvparten av dette blir utlevert i område der avisbransjen ikkje har avisbodnett.

Eg vil understreke at vi ikkje er i mål med våre vurderingar. Uavhengig av kva vi landar på og kva for eventuelle kompenserande tiltak vi vil legge fram for Stortinget, så er ikkje forslaget regjeringa har høyrt eit resultat av eit politisk ønske om å bygge ned posttilbodet, men av at folk og næringsliv vel vekk det tilbodet som er der. Dei er resultat av ei digital utvikling som endrar måten vi kommuniserer med kvarandre på. Folk flest, næringsliv og det offentlege sender stadig mindre papirpost, og kommuniserer heller raskare og meir effektivt digitalt.