Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:60 (2018-2019)
Innlevert: 05.10.2018
Sendt: 08.10.2018
Svart på: 16.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden syte for at gjerda langs jernbanen i Dalane i Rogaland er i orden slik at ikkje dyr vert drepne av toget?

Grunngiving

Påkøyrsle av dyr på jernbane er eit problem i fleire deler av landet. Eg har hatt kontakt med bønder i Dalane som er frustrerte over manglande gjerdehald langs jernbanen. Dårlege gjerde bidreg både til drepte dyr og pinsler for skadde dyr. Ifylgje bøndene eg har snakka med i Dalane meiner Bane Nor at staten ikkje har noko ansvar. Det er ikkje lagt fram kva som er heimel for at dei ikkje lengre har gjerdeplikt. Bøndene får heller ikkje lov å gå inn på Bane Nor sin eigedom for å vedlikehalda gjerda. Situasjonen slik den er i dag er ikkje holdbar for bøndene i regionen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Påkøyrslar av dyr gjer inntrykk og er sjølvsagt svært uheldig. Bøndene som vert råka har mi medkjensle. Påkøyrslar av dyr er diverre noko som kan skje ved drift av eit jernbanenett. Vi jobbar difor aktivt med å førebyggje dyrepåkøyrslar, mellom anna gjennom å sette opp gjerder langs jernbana. Det gjeld både langs jernbana i Dalane og dei øvrige delane av jernbanenettet.

Det er inga generell plikt til å gjerde langs jernbana. Det vart vurdert om ei plikt skulle innførast når grannelova vart utarbeidd i 1993, men det vart vurdert til å ikkje være hensiktsmessig i utgreiinga den gong. Innsatsen må difor rettast inn mot å førebyggje uhell der det er føremålstenleg.

Bane NOR fordelar midlar til dette føremålet innafor sitt budsjett for drift og vedlikehald. Effektar og mål vert følgd opp tertialvis av Jernbanedirektoratet og rapportert vidare til Samferdselsdepartementet.

Det er satt i gang eit arbeid på Jærbanen for å vurdere tilstanden på gjerda og gjennom ein handlingsplan vurdere kvar dei skal oppretthaldast eller fornyast. Nokre stadar vil det også vere eit alternativ å overdra gjerdet til grunneigar. Fleire stader langs bana er det gjerder av høg kvalitet og grunneigar vil då eventuelt kunne få moglegheit til å ta over gjerdet, mot at han eller ho også tek over framtidig vedlikehald.