Skriftleg spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:273 (2018-2019)
Innlevert: 02.11.2018
Sendt: 02.11.2018
Svart på: 09.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): Hva er status i arbeidet med ny bru over Glomma på rv 22 i Fet i Akershus («Ny Glommakryssing»), hvordan vurderes de ulike traséalternativene, når legges det opp til at trasévalg er avklart og når kan ny bru stå ferdig ut i fra den tidsplanen det nå arbeides ut i fra?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Prosjektet for rv 22 Glommakryssing (ny bru over Glomma) i Fet kommune er omtalt i NTP 2018-2029 i siste seksårsperiode, der prosjektet er gitt ei ramme på 2 500 mill. 2017-kr. Eg er kjend med at kommunedelplanen har vore på offentleg høyring, og at Statens vegvesen for tida arbeider med å gjennomgå dei ulike traséalternativa på bakgrunn av innkomne merknader. Eg er vidare kjend med at det blant alternativa òg er eit alternativ med utviding av prosjektet til å omfatte bygging av ei ny lokalvegbru. Dette vil innebere ein auke i kostnadene.
Samferdselsdepartementet er i dialog med Statens vegvesen om denne saka. På generelt grunnlag vil eg vise til at Samferdselsdepartementet har stor merksemd på å halde kostnadene under kontroll i planfasen, og at det er gjennomført fleire tiltak for betre kostnadsstyring i denne fasen.
Det er enno ikkje fatta noko avgjerd om val av trasé, og det er derfor heller ikkje mogleg for meg på noverande tidspunkt å seie noko om når ei ny bru kan stå ferdig.