Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:278 (2018-2019)
Innlevert: 02.11.2018
Sendt: 05.11.2018
Svart på: 12.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden syte for at det kjem skilt som fortel bilistane på Nord-Jæren om kor bomstasjonane er og kva takstar som gjeld?

Grunngiving

I den nye bomringen på Nord-Jæren er det i dag ingen informasjon til bilistane om kva dei må betale i bomringen utover nokre skilt med ei webadresse.
Bomstasjonane er heller ikkje skilta.
Det bør vera eit godt prinsipp å ikkje krevje penger frå folk utan å informere om det. Det er uklart kva heimel ein har for å krevje inn pengane utan at bilistane er informert om kva det koster.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg ser gode argument for å informere bilistane om kostnaden ved passering av bomstasjonar. Dette vil gi betre informasjon til bilistane, men ny skilting vil også pådra bilistane auka kostnader.
På Nord-Jæren er reforhandlingar av byvekstavtalen i gang. Eg meiner det er naturlig at styringsgruppa foretek den endelege vurderinga av dette spørsmålet. Dersom dei skulle ønskje å skilte betre om kva takstar som gjeld, vil eg ikkje motsette meg det.