Skriftleg spørsmål fra Himanshu Gulati (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:312 (2018-2019)
Innlevert: 08.11.2018
Sendt: 08.11.2018
Svart på: 19.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Himanshu Gulati (FrP)

Spørsmål

Himanshu Gulati (FrP): Kan statsråden informere om hvor mange kilometer med motorvei som er planlagt ferdigstilt i 2019, og gi et perspektiv på hvordan dette sammenligner seg med historiske tall på det samme?

Grunngiving

Regjeringens forslag til statsbudsjettet for neste år innebærer at samferdselsbudsjettet under denne regjeringen er økt med over 60 prosent sammenlignet med forrige regjering. Bevilgningene til veibygging overstiger nå det som tas inn i bilrelaterte avgifter med 8 milliarder kroner. Jeg ønsker gjerne å finne ut hva de økte samferdselsbevilgningene innebærer for bygging av motorvei i Norge.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa har auka satsinga på infrastruktur kraftig. Med framlegg til budsjett for 2019 har samferdselsbudsjettet auka med 75 pst. sidan regjeringa tiltredde, ikkje 60 pst. som stortingsrepresentanten skriv. Det er viktig at vi bygger vegar som er trygge, raske og framtidsretta, og at vi finn løysingar som held kostnadane nede.

I 1962 ble det lagt fram ein plan for utbygging av motorvegar som eit tillegg til St. Prp. Nr. 1 (1962-1963). I planen lå det forslag om å bygge 785 km med firefelts motorvei innen 1980. Planen vart ikkje sett i verk, og i 1990 var det berre 73 km motorveg i Noreg .

Med budsjettframlegget vil det etter planen opnast 104 km firefelts veg med fysisk skilde køyrebanar i 2019. Dette er historisk høge tal, og i 2019 opnast det altså meir motorveg enn lengda på det samla motorvegnettet i 1990. I perioden 2018-21 vil det bli bygd om lag fire gonger meir firefelts motorveg enn i perioden 2010-13.

Tabellen nedanfor viser opning av firefelts veg med fysisk skilde køyrebanar i perioden 2010-2019:

År Km

2010 13

2011 19

2012 11

2013 11

2014 63

2015 9

2016 6

2017 14

2018 (prognose) 5

2019 (anslag) 104

Eg er opptatt av å få mest mogleg igjen for pengane. Med Nye Veier AS får vi meir veg for pengane. Selskapet vurderer at kostnadane på oppstartsportefølja på om lag 500 km kan reduserast med om lag 20 pst., og at utbygginga av dei fleste prosjekta i oppstartsportefølja blir gjennomført 7-8 år raskare. Det vert bygd motorveg i stort takt mellom Oslo og Trondheim og mellom Oslo og Stavanger.