Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:318 (2018-2019)
Innlevert: 08.11.2018
Sendt: 09.11.2018
Svart på: 16.11.2018 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Kva er frist for utskriving av eigedomsskatt i ny samanslegen kommune første år etter at det vert skreve ut eigedomsskatt i denne kommunen?

Grunngiving

Etter eiendomsskattelova § 14 er utskrivningsfristen 1. mars i skatteåret. Kommunen får forlenga frist til «innan utgongen av juni» dersom kommunen skriv ut eigedomsskatt for første gang, jfr bestemmelsen sitt andre ledd andre punktum. I uttalelse fra Finansdepartementet 6. oktober 1994 uttaler departementet at bestemmelsen får anvendelse ved kommunesammenslåing, og at fristen for utskriving då er utgangen av juni. Både lovens ordlyd og hensyna bak regelen tilseier at fristen skal vera utgangen av juni. Den forlenga fristen har sammenheng med at det er mange ting som må på plass ved ei første gangs utskriving. Det samme vil måtte gjelde for den sammenslåtte kommunen, då det må bli allmenn taksering i heile eller delar av kommunen, fastsettast nytt eigedomsskattegrunnlag, det må oppnevnast nye nemnder osv., og den nye kommunen vil følgelig ha svært kort tid for å gjennomføre taksering, dersom utskriving skal skje innen 1. mars i skatteåret. Det er kun "første gongen" for delar av den nye kommunen og då kjem spørsmålsstillinga om det er 1 mars eller juni.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Det framgår av eigedomsskattelova § 14 andre ledd første punktum at «Skatten skal så langt råd er, vera utskriven før 1. mars i skatteåret.» I tredje punktum heiter det at «første året det vert skrive ut eigedomsskatt i ein kommune, må allmenn taksering og utskriving vere avslutta innan utgongen av juni dette året.»
Borgarting lagmannsrett har nyleg avsagt dom om gyldigheita av utskriven eigedomsskatt i Oslo kommune. I avgjerda var regelen i tredje punktum sentral. Dommen gjaldt kva frist som gjeld når ein kommune innfører eigedomsskatt att. Den er ikkje rettskraftig. Eg er ikkje kjend med dommar kor temaet har vore korleis regelen skal tolkast i samband med kommunesamanslåingar.
Regelen i tredje punktum kom inn i lova i samband med ein lovteknisk revisjon av eigedomsskattelova i 2013. Opphavleg sto regelen i tredje punktum i lov 4. mars 1960 om tillegg til skattelover for landet og for byene av 18. august 1911. Begge desse lovene hadde reglar om eigedomsskatt, men reglane var ulike. Etter landsskattelova vart det utskrive eigedomsskatt pr. skyldmark, medan det etter byskattelova vart skrive ut eigedomsskatt på grunnlag av takstverdien på dei faste eigedomane.
I åra før og etter 1960 vart det gjort store endringar med omsyn til kommuneinndelinga i Noreg. Dette førte med seg behov for endringar i dei ovannemnde reglane.
Framlegg til lovendring vart fremma i Ot. prp. nr. 20 (1959-60). På side 3 i proposisjonen heiter det at:

«Formålet med nye lovregler på dette området bør være både å avbøte de vanskelighetene som den forskjellige skatteutskrivning i by- og landkommuner medfører under den pågående alminnelige revisjon av kommuneinndelingen, jfr. Kommunaldepartementets brev, og å få etablert en ordning slik at beskatningen i sterkere grad enn etter gjeldende regler kan avpasses etter de reelle forhold. (…)»

Om regelen i dagens § 14 andre ledd, tredje punktum heiter det på side 4 i proposisjonen:

«Før eiendomsskatt kan skrives ut etter reglene i byskatteloven må alle de eiendommer vedtaket gjelder være taksert. Her får reglene i byskattelovens § 4 anvendelse. Takstmennene blir å oppnevne av kommunestyret som også bestemmer antallet. De kan velges i eller utenfor de utvalg som er omhandlet i landsskattelovens § 80 nr. 3. Verdsettelsen skjer på kommunens bekostning. Det er foreslått at alminnelig taksering første gang må være avsluttet innen utgangen av juni i det år da skatt etter takstverdien første gang skal svares.(…)»

Også ved kommunesamanslåing i dag kan det vere behov for å taksere eigedomar som ikkje tidlegare har vorte verdsette, eller for å samordne takstnivået i kommunane. Finansdepartementet har i brev 6. oktober 1994 uttalt at fristen for allmenn taksering og utskriving er utgangen av juni etter ei kommunesamanslåing.