Skriftleg spørsmål fra Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:334 (2018-2019)
Innlevert: 09.11.2018
Sendt: 09.11.2018
Svart på: 16.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Spørsmål

Trygve Slagsvold Vedum (Sp): Hva vil det offentlige støttebehovet være for å kunne tilby henholdsvis 30 mbit/s og 100 mbit/s nedstrøms kapasitet til alle norske husstander?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I rapporten " "Kostnadsanalyse – bredbåndsdekning i ulike varianter" frå 2013 har konsulentfirmaet Nexia (no Analysys Mason) gjort berekningar av støttebehovet for dei dekningsscenarioa som representanten spør etter. Etter det Samferdselsdepartementet kjenner til er det ikkje blitt laga like grundige berekningar som dette seinare. Nedanfor har eg gjort nokre føresetnader basert på berekningane frå 2013 og basert på desse føresetnadane laga oppdaterte anslag for støttebehovet for utbygging av 30 Mbit/s og 100 Mbit/s til alle norske husstander. Eg kan i tillegg opplyse om at departementet har bestilt ei oppdatering av tala frå 2013 frå Analysys Mason. Denne oppdateringa vil vere klar rundt årsskiftet.
Når det gjeld dekning for 30 Mbit/s til alle norske husstandar blei utbyggingskostnaden i 2013 anslått til om lag 5,3 milliardar kroner, medan støttebehovet blei anslått til om lag 3,9 milliardar kroner. Analysen i 2013 for full dekning med 30 Mbit/s tok utgangspunkt i eit utbyggingsscenario basert på utbygging av trådlaust (radiobasert) breiband. I 2013 var dekninga for denne hastigheita om lag 72 prosent medan den i 2018 er anslått til om lag 86 prosent. Dette betyr at halvparten av restmarknaden som sto att for 30 Mbit/s i 2013 no er dekka. Det er grunn til å tru at dei husstandane som har fått dekning med 30 Mbit/s sidan 2013 i gjennomsnitt hadde ein lågare utbyggingskostnad enn dei som står att utan dekning med 30 Mbit/s. Det er med andre ord truleg slik at det er "dei dyraste" husstandane som står att. Basert på dette, antar eg at det offentlege støttebehovet i dag for 100 prosent dekning for 30 Mbit/s ligg på mellom 2 og 3 milliardar kroner. Det må understrekast at analysen i 2013 tok utgangspunkt i det dåverande mobilnettet og den dåverande forventa teknologiske utviklinga. Sidan 2013 har det skjedd ein god del utbygging av nye sendestasjonar og teknologiutviklinga, samt auka spektrumstilgang, har gjort at det truleg ikkje må byggast like tett med sendestasjonar for å oppnå 30 Mbit/s som ein føresette i 2013. Desse forholda talar for at anslaget på mellom 2 og 3 milliardar kronar i støttebehov er noko høgt. Det blir òg sett bort frå satellitt som aksessteknologi i anslaga. Det er i dag mogleg å få 30 Mbit/s via satellitt, men satellittbreiband har ei ulempe knytt til responstid (høg forsinking). Det må elles også understrekast at eit storstilt offentleg finansieringsprogram ville kunne minke investeringsvilja til dei private.
Når det gjeld dekning for 100 Mbit/s til alle norske husstandar blei utbyggingskostnad for dette i 2013 anslått til om lag 30,4 milliardar kroner (eller 25,3 milliardar kroner dersom ein inkluderer teknologien VDSL som brukar koparnettet), medan støttebehovet blei anslått til om lag 16,6 milliardar kroner (eller 14,5 milliardar kroner dersom ein inkluderer teknologien VDSL). I det vidare resonnementet ser eg bort frå VDSL, fordi tilbydarane no i liten grad satsar på denne teknologien. Eg legg dermed til grunn (i tråd med rapporten frå 2013) i det følgjande resonnementet at ei vidare utbygging med 100 Mbit/s i praksis vil skje med fiber (fotnote 1), medan dei som no allereie har 100 Mbit/s kan ha både fiber og/eller kabel-TV-nett (såkalla HFC-nett).
I kostnadsanalysen frå 2013 gjer ein, for analysen for full dekning med 100 Mbit/s, ein skilnad mellom tettbygde og spreiddbygde strøk. Dei årlege dekningsanalysane inneheld også denne skilnaden. I 2018 er dekninga for tettbygde strøk med fiber og/eller HFC-nett på 94 prosent. Det er grunn til å tru at ein vil kome svært nære 100 prosent dekning i dei tettbygde strøka. Eg antar derfor, for enkeltheits skuld, at dei tettbygde strøka vil bli dekka kommersielt 100 prosent utan offentleg støtte. Då står dei spreiddbygde strøka att. I 2013 var dekninga for HFC og/eller FTTH i spreiddbygde strøk anslått til 13 prosent, medan i 2018 har dekninga for desse teknologiane i spreiddbygde strøk auka til 34 prosent. Ifølge SSB budde 19 prosent av innbyggarane i Norge i spreiddbygde strøk i 2016. Dersom vi antar at den same andelen gjeld for husstandar, og vi tek utgangspunkt i siste tal frå SSB for tal på hushald (fotnote 2) i Norge (2 409 257) betyr det at om lag 458 000 husstandar bur i spreiddbygde strøk og at om lag 302 000 av desse husstandane i 2018 manglar tilbod om breiband som kan gje 100 Mbit/s, medan tilsvarande tal på husstandar i 2013 som mangla tilbod om slikt breiband var om lag 398 000 (fotnote 3). I kostnadsanalysen frå 2013 antok ein at utbyggingskostnad for dei husstandane i spreiddbygde strøk som enno ikkje hadde tilbod om teknologiar som kan gje 100 Mbit/s var 55 000 kroner. Det er grunn til å tru at kostnaden per husstand for dei som står att i spreiddbygde strøk i 2018 er noko høgare enn dette, då det truleg er slik at dei som har fått dekning sidan 2013 har vore dei relativt sett "billegaste" å dekke. Eg har derfor lagt til grunn at dei husstandane som står att kostar 60 000 - 70 000 kronar i snitt å bygge ut til, men dette estimatet er usikkert. Basert på desse føresetnadane vil samla utbyggingskostnad for 100 prosent dekning for 100 Mbit/s nedstraums hastigheit vere mellom 18 milliardar og 21 milliardar kroner. Dersom ein antar at 80 prosent av husstandane teiknar abonnement og at kundeverdi blir sett til 30 000 kroner, vil det offentlege støttebehovet for tilbod om 100 Mbit/s til alle husstandane i landet vere mellom 10 milliardar og 13 milliardar kroner. Det må, som i eksemplet med 30 Mbit/s, understrekast at eit storstilt offentleg finansieringsprogram ville kunne minke investeringsvilja til dei private, og dermed gjere støttebehovet større.

Oppsummert:

- Offentleg støttebehov for å kunne tilby 30 Mbit/s til alle landets husstandar blir anslått til mellom 2 milliardar og 3 milliardar kroner.
- Offentleg støttebehov for å kunne tilby 100 Mbit/s til alle landets husstandar blir anslått til mellom 10 milliardar og 13 milliardar kroner.

Ein generell kommentar til kostnadane ved utbygging av breiband er at kostnaden per ekstra dekka husstand aukar kraftig jo nærare ein kjem 100 prosent av husstandane. I rapporten frå 2013 var det ekstra støttebehovet for å bygge ut frå 99 prosent til 100 prosent dekning heile 5,5 milliardar kroner, eller om lag 230 000 kroner per husstand.
Eg har i anslaga her sett bort frå pris- og lønnsutvikling sidan 2013.
Eg understreker at anslaga som er gitt i dette svaret er utarbeida på svært kort tid, for å overhalde svarfristen til Stortinget. Svaret er difor basert på enkle føresetnader og har stor grad av usikkerheit knytt til seg.

------------------------------

Fotnote 1:
Det finnst òg radioteknologiar som kan gje 100 Mbit/s, såkalla "fixed wireless access", som brukast på det siste stykket fram til husstanden. Bruk av slike teknologiar kan bidra til å få ned utbyggingskostnaden og dermed støttebehovet noe, men det vil truleg ikkje vere avgjerande innafor ei slik grov analyse som gjerast her.

Fotnote 2:
Eg reknar i denne samanhengen hushald og husstandar som synonym.

Fotnote 3:
Her ser eg bort får eventuelle endringar i antall husstandar i befolkninga og relative endringar mellom tettbygde og spredtbygde strøk.