Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:436 (2018-2019)
Innlevert: 22.11.2018
Sendt: 23.11.2018
Svart på: 30.11.2018 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva er bakgrunnen for at KMD tillet kommunar å budsjettere med driftsinntekter frå reformstøtta året før desse midlane vert utbetalte frå staten og er dette ein praksis KMD vil opne for også for andre statlege utbetalingar?

Grunngiving

Det er dyrt å slå saman kommunar. Ikkje minst der det er store avstandar og dei ikkje heng saman geografisk, som i Kinn. Tilskotet til eingongskostnader vert i mange kommunar brukt opp før samanslåingane trår i kraft. Reformstøtta frå staten vert utbetalt i 2020. Men KMD skal ha opna for at kommunar kan budsjettere med driftsinntekter frå reformstøtta alt i 2019, altså året før desse midlane vert utbetalte frå staten.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Kommunar som slo seg saman i perioden 2014–2017 mottok både tilskot til dekking av eingongskostnadar og reformstønad. Tilskot til eingongskostnadar blei utbetalt ved nasjonalt vedtak om samanslåing, medan reformstønaden blir utbetalt når den nye kommunen formelt trer i kraft. Reformstøtta er differensiert etter innbyggjartal og kan nyttast til føremål som den nye kommunen sjølv ser på som formålstenleg. Stønaden er eit øyremerkt tilskot, og kommunen skal rapportere om korleis tilskotet har blitt disponert eller er planlagt disponert innan utgangen av det fyrste året etter samanslåinga. Departementet har lagt til grunn at tilskotet kan gå med til å dekke reformrelaterte utgifter som kommunane har hatt i forkant av samanslåinga.
Etter anordningsprinsippet skal alle kjende utgifter og inntekter i året bli tekne med i årsrekneskapen, anten dei er betalte eller ikkje når årsrekneskapen blir avslutta. Tidspunktet for inntektsføringa er nærare drøfta i notatet Tidspunkt for regnskapsføring av inntekt, innbetaling og gevinst i kommuneregnskapet frå Foreininga for god kommunal rekneskapsskikk (GKRS).
Som hovudregel inneber anordningsprinsippet at øyremerkte tilskot blir inntektsførte på transaksjonstidspunktet, det vil seie når midlane er overførte til kommunen. Slike tilskot kan likevel i einskilde høve seiast å vere kjende før midlane er overførte. I nokre høve vil kommunen ha gjennomført aktiviteten som gjev rett til tilskot, før kommunen får midlane. Då kan det vere aktuelt å inntektsføre tilskotet i takt med utgiftene til aktiviteten. På det tidspunktet som kommunen har fått tilsegn om eit bestemt tilskot eller tilskot til ein bestemt aktivitet, og kommunen har oppfylt dei formelle og reelle krava til det aktuelle tilskotet, har kommunen fått ein rett til å få overført økonomiske midlar frå tilskotgjevar. Det vil då vere rimeleg sikkert at transaksjonen vil bli gjennomført, det vil seie at tilskotet vil bli overført til kommunen. Om desse kriteria er oppfylde, vil tilskotet vere å rekne som kjend etter anordningsprinsippet. I dette høvet kan tilskot inntektsførast før det er overført.
Ved fastsetjing av tidspunktet for inntektsføring av øyremerkte tilskot vil kommunen måtte gjere ei rekneskapsfagleg vurdering i tråd med dei ovannemnde momenta.