Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1324 (2018-2019)
Innlevert: 27.03.2019
Sendt: 27.03.2019
Svart på: 02.04.2019 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Nils T. Bjørke (Sp)

Spørsmål

Nils T. Bjørke (Sp): Stortinget har ei rekkje gonger peika på at statens leiarlønninger skal vere konkurransedyktige, men ikkje lønsleiande – og det skal leggjast vekt på moderasjon.
Meiner næringsministeren sluttpakkane som leiinga i Telenor ga to tidlegare, sentrale medarbeidarar er i tråd med Stortingets føringer ved å gje desse sluttpakkene?

Grunngiving

Stortinget har seinast i handsaminga av Riksrevisjonens kontroll med forvaltninga av statlege selskap for 2017 peika på at lønsaukene for statlege sjefar ligg langt over kva som ellers er vanleg lønsnivå. I årsmeldinga for Telenor kan vi no lese at tidlegare direktør Berit Svendsen fekk med seg ei sluttpakke på 6,8 millionar kroner, tidlegare personalsjef Jon Erik Haug fekk ei sluttpakke på 5,1 millionar kroner – uten at det låg føre nokon konflikt.
I følgje Riksrevisjonen har det stadig vanskelegare i årsmeldingene frå statlege verksemder å finne ut kva auken i godtgjeringa til styret og daglige ledere er og frå 2015 til 2017 har ni av 43 styreledere hatt ein auke på meir enn ti prosent i fast godtgjering.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Som eigar har regjeringa retningslinjer for kompensasjon til leiande tilsette i selskap med statleg eigardel.
Retningslinjene inneheld nokre prinsipp som staten er oppteken av. Blant anna skal leiarløningane vere konkurransedyktige, men ikkje lønnsleiande, og dei skal medverke til moderasjon. Vidare er vederlag når ein sluttar særskilt omtala. Det er også stadfesta eit følg eller forklar-prinsipp for dei deleigde selskapa. Regjeringa forventar at selskapa er opne om dei ordningane dei har og om eventuelle avvik, som det kan vere gode grunnar for.
Regjeringa sine retningslinjer legg grunnlaget for korleis staten vil stemme over leiarlønserklæringane til styra på generalforsamlingane i selskapa. Fastsetjinga av dei konkrete avtalane er like fullt styret sitt ansvar.
Dei to sluttavtalane er lite omtala i årsrapporten til Telenor, og det står lite om korleis desse er vurdert opp mot retningslinjene til staten. Med bakgrunn i dette har departementet stilt spørsmål til Telenor om desse avtalane.
Svara på desse spørsmåla vil departementet ta med seg i vurderingane av styret si erklæring om leiarløn som skal gjerast fram mot generalforsamlinga i Telenor.