Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1363 (2018-2019)
Innlevert: 29.03.2019
Sendt: 01.04.2019
Svart på: 10.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje bompenger, inkludert kostnader til innkrevjing og forventa renter, er vedtekne sidan regjeringsskiftet i 2013?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Denne regjeringa løyver rekordmykje pengar til veg og byområde, og utbygginga av norske vegar har aldri vore meir omfattande. Samstundes sørger vi for godt vegvedlikehald slik at etterslepet går ned for første gong på fleire tiår. Vi bygger nytt og tar vare på det vi har.

Regjeringas innsats på samferdsel er viktig for å skape eit berekraftig velferdssamfunn med moderne infrastruktur av høg kvalitet og med effektive og sikre transportløysingar. Dette er grunnleggjande for gode velferdstenester og konkurransekraft for næringslivet.

Det har vore ein formidabel vekst i løyvingane til infrastruktur etter valet i 2013, og budsjettveksten er på heile 75 % i denne perioda. Dei fyrste åra i regjeringsperioda var bompengeandelen lagt i NTP av ei regjering der Senterpartiet hadde samferdselsministeren i 8 år. Etter valet i 2013 starta arbeidet med å redusere bompengane. Vi slette derfor gjeld og la ned bomstasjonane på fleire vegprosjekt, og starta arbeidet med ei bompengereform som skal bidra til reduserte finansierings- og innkrevingskostnader. Vi har i tillegg lagt fram ein ny NTP der bompengeandelen er vesentleg redusert frå førre NTP:

Sidan regjeringsskiftet i 2013 har Stortinget etter lokalpolitiske initiativ vedtatt nye eller utviding av eksisterande bompengeprosjekt som til saman inneber innkrevjing av i storleiksorden 220-230 mrd. kr i bompengar. Av dette er meir enn 120 mrd. kr knytt til bypakker, lokalpolitisk initiert og vedtatt i mellom anna Oslo, Trondheim, Bergen og på Nord - Jæren. Summen er inkl. føresette bompengar til å dekning av innkrevjings- og finansieringsutgifter.

Sjølv om dette er høge tal er det likevel slik at bompengar som andel av løyvingar til vegformål har gått ned under denne regjeringa. Vi er genuint opptekne av at det skal bli mindre bompengar for folk flest, sjølv om stortingsfleirtalet er av ei anna oppfatning.

Dei siste fem åra har vi redusert takstar utanfor byområda ved auka statlege bidrag i prosjekt. Med den nye regjeringsplattforma vert innsatsen mot bompengar styrka. Frå 2017 har regjeringa årleg løyvd om lag 500 millionar kroner for å redusere bomtakstane (tilskot). Den nye regjeringsplattforma slår fast at dette skal doblast, til ein milliard kroner årleg. Den nye regjeringsplattforma slår også fast at vi vil innføre eit frådrag for bompengar.