Skriftleg spørsmål fra Himanshu Gulati (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1482 (2018-2019)
Innlevert: 15.04.2019
Sendt: 23.04.2019
Svart på: 02.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Himanshu Gulati (FrP)

Spørsmål

Himanshu Gulati (FrP): Kan det være aktuelt å utrede et tilleggsalternativ, som til dels følger dagens trasé, i forbindelse med etableringen av ny trasé for Østre Linje mellom Ski og Kråkstad?

Grunngiving

Det er planlagt en ny trasé for Østre Linje mellom Ski og Kråkstad. Dette kan sees i sammenheng med den nye Follobanen, og at togene fra Østre Linje skal koples på Follobanen i Ski. Dette vil gjøre at passasjeren fra Indre Østfold og stasjonene Skotbu og Kråkstad i Ski kommune vil få kortere reisetid ved at togene benytter den nye banen. Etablering av ny trasé sies å kunne koste opp mot 3 milliarder kroner
Den nye traseen er planlagt over dyrket mark og annet kulturlandskap. Dette er selvsagt noen ganger nødvendig, men det har også vært lokale stemmer som ønsker at det utredes et tilleggsalternativ som til dels følger nåværende trasé.
En hovedbegrunnelse for utredning av dette tilleggsalternativet er at det skal etableres en ny bydel med navnet Ski Øst som ligger mellom Ski og Kråkstad, cirka 2 kilometer fra Ski stasjon. I den nye bydelen vil det bygges omlag 6 000 boliger, og det vil bli en befolkning på over 10 000 mennesker. I tillegg er det en del bedrifter i dette området, med til sammen omlag 1 800 ansatte.
Ved å utrede dette trasé-alternativet kan man også planlegge for en togstasjon på Ski Øst. Med en så stor befolkningsvekst som Ski Øst vil medføre, vil dette kunne gi noen tilleggsgevinster av samfunnsøkonomisk betydning.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Follobanen og ein utvida Ski stasjon speler ei svært viktig rolle for det framtidige kollektivtilbodet i Sørkorridoren. Med Follobanen blir strategien med fire spor innanfor det sentrale Osloområdet følgd. Dette gjev redusert reisetid og moglegheit for fleire avgangar, noko som møter forventninga om vekst i etterspurnaden og målsettinga om auka kollektivdel.

Som ein del av planarbeidet for Follobanen, gjennomførte dåverande Jernbaneverket våren 2010 ei kapasitetsstudie for sporplanen. Studien synte at koplinga mellom Vestre og Østre linje bør leggjast sør for stasjonen, for å gje ein stasjon med vesentleg færre kapasitetsbindingar for tog på Østfoldbanen, Follobanen og Østfoldbanen sine Vestre og Østre linjer. Løysinga vil òg ha tilstrekkeleg kapasitet for togtilbod ein med rimelegheit kan rekna med i framtida.

Samferdselsdepartementet bad i brev av 18. februar 2014 om at Jernbaneverket igangsette arbeid med ei konseptvalutgreiing – KVU – for sambandet til Østre Linje mot Oslo. Vidare gav Stortinget oppdrag om ei tilleggsutgreiing i brev av 17. juni 2014. Til saman utgjorde desse mandatet for konseptvalutgreiinga.

Det vart vurdert i alt ni konsept. Etter siling vart fire vidareførte. Av desse kom planskild tilkopling sør for Ski samla best ut. Konklusjonen vart styrkt av samfunnsøkonomiske berekningar gjort i rutemodellarbeidet. Konseptet vart difor tilrådd vidareført. Ein kvalitetssikringsrapport – KS1 – av 5. oktober 2016 konkluderte på same måte. Regjeringa har lagt tilrådinga frå nemnde KVU og KS1 til grunn for vidare planlegging, jf. oppdragsbrev av 7. april 2017 frå Samferdselsdepartementet.

Follobanen og Ski stasjon er under bygging etter vedtekne planar, med planlagd ferdigstilling i 2022. I Jernbanedirektoratets Handlingsprogram er Østre Linje si avgreining sør for Ski planlagd tatt i bruk i 2025. Avgreininga er sentral for å auke kapasiteten på Ski stasjon, og vil mogleggjera betringar i togtilbodet i Sørkorridoren. Å gjennomføra ytterlegare utgreiingar, eller endra valt konsept, vil forseinka betringane som må til for å møta ein forventa auka etterspurnad etter opninga av Follobanen. Dersom eit anna konsept blir valt, må det forventast at den forseinka framdrifta medfører at åtgjerda ikkje vil vera byggeklar før etter Follobanen si ferdigstilling, og anleggsverksemd vil difor kunna medføra stenging av Follobanen over ein lengre periode.

Å etablera ein stasjon på dagens Østre Linje i området for ny bydel Ski Øst vil gje ein stasjonsstruktur med svært kort reiseavstand mellom ny stasjon og Ski stasjon. Det er i dag kvartersintervall med buss frå Ski Øst til Ski stasjon store delar av dagen, mot berre halvtimesintervall i rushretning med tog på Østre Linje. Då kapasiteten på Østre linje er avgrensa, er det ikkje rom for å auka frekvensen utover halvtimesintervall utan større investeringar. I tillegg er det frå Ski stasjon, med togavgangar òg frå Vestre Linje, eit langt betre togtilbod enn kva ein ny stasjon på Østre Linje kan gje.