Skriftleg spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1706 (2018-2019)
Innlevert: 24.05.2019
Sendt: 24.05.2019
Svart på: 04.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Willfred Nordlund (Sp)

Spørsmål

Willfred Nordlund (Sp): Kan statsråden gjøre rede for siste kostnadsoverslag for å oppfylle krav gitt i tunnelsikkerhetsforskriften, på fylkesveiene?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Tunneltryggleikforskrifta for tunnelar på fylkesvegnettet og det kommunale vegnettet i Oslo vart innført frå 2015. I perioden frå 2015 er rammetilskotet til fylkeskommunane auka med 300 mill. kr pr. år som kompensasjon for meirutgifter som følgje av denne forskrifta. I tillegg er rammetilskotet til fylkeskommunane styrka med særskilt fordeling til fornying og opprusting av fylkesvegnettet, der behovet knytt til tunnelar utgjer ein vesentleg del. For 2019 utgjorde dette statlege bidraget 1 492 mill. kr, jf. Prop. 1 S (2018-2019), side 55.
Samla sett meiner eg at fylkeskommunane med dette er sette i stand til utbetre forfallet på fylkesvegnettet, også i tunnelane. Eg er likevel kjend med at fleire fylkeskommunar har uttrykt uro for kostnadene ved å innfri krava i tunnelsikkerheitsforskrifta for fylkesveg. Statens vegvesen er derfor bedt om ei oppdatert vurdering av kostnadene ved å gjennomføre naudsynte tiltak for å tilfredsstille minimumskrava i forskrifta.
Eg gjer elles merksam på at departementet i samband med overføringa av sams vegadministrasjon til fylkeskommunane har igangsett ein gjennomgang knytt til kva krav vi stiller til fylka som vegeigar. I første omgang har eg bede Statens vegvesen om ei overordna vurdering av spørsmålet. Behovet for, og omfanget av, bindande nasjonale føringar skal blant anna bli vurdert opp mot handlingsfridommen til fylkeskommunane og anna regelverk.