Skriftleg spørsmål fra Seher Aydar (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1799 (2018-2019)
Innlevert: 06.06.2019
Sendt: 07.06.2019
Svart på: 14.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Seher Aydar (R)

Spørsmål

Seher Aydar (R): Hvordan kunne statsråden la Jernbanedirektoratet la Go-Ahead vinne anbudet på Sørlandsbanen basert på høyere estimater for passasjervekst enn konkurrentene, når kunnskap på feltet viser at passasjeranslagene til leverandørene i snitt er mer enn dobbelt så høye som det som blir det faktiske passasjertallet?

Grunngiving

Internasjonal forskning viser at jernbaneprosjekter over flere tiår i ni av ti tilfeller har overdrevet potensialet i passasjerveksten. I snitt overdrives estimatene med 106 %.
Artikkelen How (In)accurate Are Demand Forecasts in Public Works Projects?: The Case of Transportation (Bent Flyvbjerg, Mette K. Skamris Holm & Søren L. Buhl) oppsummerer hovedfunnene i forskningen slik:"This article presents results from the first statistically significant study of traffic forecasts in transportation infrastructure projects. The sample used is the largest of its kind, covering 210 projects in 14 nations worth U.S.$59 billion. The study shows with very high statistical significance that forecasters generally do a poor job of estimating the demand for transportation infrastructure projects. For 9 out of 10 rail projects, passenger forecasts are overestimated; the average overestimation is 106 %."

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Representanten viser i spørsmålet sitt til ein forskingsartikkel frå 2007 som omhandlar trafikkprognosar i samband med infrastrukturprosjekt i transportsektoren. Sjølve spørsmålet på si side omhandlar anbodskonkurransen om persontrafikk. Det er difor tvilsamt om nemnde forskingsartikkel er relevant i høve til det representanten spør om.

La meg likevel knytte nokre kommentarar til spørsmålet frå representanten.

Som eg tidlegare har gjort greie for i Stortinget, var det liten skilnad på dei tre tilboda som var att i siste runde i konkurransen om Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen.

Jernbanedirektoratet har orientert Samferdselsdepartementet at Go-Ahead vann anbodet om Trafikkpakke 1 fordi selskapet samla sett leverte det beste tilbodet. Selskapet ser større moglegheiter for inntekter i marknaden enn konkurrentane. Difor kunne dei gje eit tilbod som krev mindre vederlag frå staten. Tilbodet frå Go-Ahead er basert på at eksisterande rutetilbod skal vidareførast det første driftsåret på dei tre nemnde banene. Både talet på avgangar og stoppmønster vert uendra i perioden desember 2019 – desember 2020. Frå desember 2020 og resten av avtaleperioden har ny togoperatør lagt til grunn fleire forbetringar i sitt pristilbod. På Jærbanen vert det ein ekstra morgonavgang for pendlarar, og dessutan ei auke frå time- til halvtimefrekvens laurdagar og søndagar. På Sørlandsbanen vert det ein avgang ekstra kvar veg slik at togtilbodet vert totimefrekvens på kvardagar.

Go-Ahead er forplikta til å levera togtilbodet inkludert nemnde forbetringar, i heile avtaleperioden. I trafikkavtalen med Go-Ahead er det malus (negativ bonus) dersom leveransen ikkje samsvarer med det rutetilbodet som er lagt til grunn i pristilbodet.